«Å beskytte sårbare er eit verdival. Regjering og Storting sin strategi for å bekjempe koronapandemien er meir enn ein strategi. Det er eit verdival.»

Astrid Aarhus Byrknes meiner Norge har gjort eit verdival med si raske og resolutte handtering av koronaviruset. Her på heimekontor under sist formannskapsmøte i Alver.

Astrid Aarhus Byrknes meiner Norge har gjort eit verdival med si raske og resolutte handtering av koronaviruset. Her på heimekontor under sist formannskapsmøte i Alver. Foto:

Av
DEL

MeiningarKoronapandemien er dramatisk. Mange er sjuke og mange menneske har mista livet. Rekordmange er permitterte og bekymrar seg for eigen økonomi og framtida. Men historia om då koronapandemien trefte Norge er også historia om eit folk som står saman, som hjelper kvarandre og slår ring rundt dei mest utsette.

Å bli smitta av koronaviruset er ikkje farleg for dei aller fleste, men eit betydeleg antall av oss er ekstra utsett. Vi skal også hugse på at dette viruset er så nytt og ukjent at vi ikkje veit alt enno. Vi ser også at heilt friske, og også unge menneske, kan bli alvorlege sjuke. Strategien regjeringa har lagt opp handlar om kor viktig det er å slå ring rundt dei mest utsette og sårbare. Derfor er det innført drastiske tiltak som stengning av skular og barnehagar, strenge karantenereglar og innreiserestriksjoner. Det er rett og slett eit verdival som er tatt.

Skular og barnehagar har vore stengt og mange elever får fortsatt ikkje møte på skulen sin. Fritidsaktivitetar og hjelpetilbod er sett på vent. Ikkje får ein møte dei vanlege leikekameratane heller. I ein slik situasjon er det vanskelegare å fange opp om born som ikkje har det bra, og foreldre som strever. Derfor er det viktig at alle vi seier ifrå til nokon dersom vi oppdager at born har det vanskeleg.

No opnar barnehagane og skulane for borna frå 1. til 4. trinn. Samstundes held vi store delar av skulen stengt. Bekymringa for sårbare born og unge er ein av grunnane til at regjeringa ikkje tar lett på dette. Vi må som medmenneske sørge for at born blir sett og får hjelp om det trengs, særleg i krisetider.

Vi er vitne til eit Norge i krise, men også eit land på sitt beste. Historia om då Norge blei ramma av pandemien er også historia om læraren som underviser elevane sine gjennom nettbrett og PC, om foreldrene som sjonglerer heimekontor med å ta vare på borna i ein annleis kvardag og om reinhaldarane som gjer bussar, ambulansar, legekontor, legevakt og sjukehus etc. reine og trygge.

Det er historia om naboen som tar kontakt med den einsame kvinna eller mann over gata, om vener som ringer til kvarandre med trøystande ord. Det er historia om alle songarar og musikarar som byr på konsertar over livesendinger på Facebook og nett, og det er historia om kyrkja og andre frimenigheiter som produserer Gudstenester på nett og tilbyr samtale.

Vidare så er det også historia om alle dei bedrifter i vårt gode næringsliv som no slit og går usikre og krevjande tider i møte. Bedrifter, både små og store, grundarar. Det vi står overfor no i næringslivet er alvorleg. Eg håper inderleg at vi kjem over denne krisa og at våre bedrifter får hjelp til å både overleve og kome vidare når koronasituasjonen er over.

Norge står i ei krise, men Norge er også på sitt beste no. Våre verdiar kjem tydeleg til syne når vi er under press. Og sjølv om den vanlege kvardagen no kan verke langt unna, så skal vi klare dette. Born over heile landet teiknar regnbogar og deler håp om framtida. Det håpet trur eg mange av oss vaksne også kan ta til oss.

Artikkeltags