Nei, 17. mai-toget i Sagstadkrinsen er bra som det er!

Dette bildet vart tatt ved Sagstad gamle skule 17. mai 2019 og viser knapt halve toget.

Dette bildet vart tatt ved Sagstad gamle skule 17. mai 2019 og viser knapt halve toget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevJournalist Svardal spør i ein heilsides personleg kommentar i lokalavisa om det tradisjonsrike 17. mai-toget i Sagstadkrinsen bør halde fram med å gå til Meland kyrkje eller om det heller bør gå t.d. ein runde på Frekhaug og over Langeland. Liknande spørsmål har òg kome opp i fleire rundar tidlegare – over minst 30 år – av enkelte tilflyttarar som har busett seg på Frekhaug og som gjerne har røtene sine i Bergen eller andre stader. Kanskje har dei ikkje eit spesielt forhold til verken den historiske plassen Meland eller dei vakre bygdene Sagstad og Dale med sine velstelte kulturlandskap og særpreg.

På same vis som Svardal «berre må få det ut», kan ikkje eg greie å la dette negative og uriktige innlegget stå ubesvart – trass i at eg då, som relativt ung mann, risikerer å hamne i kategorien «den eldre garde» (som vert provosert). Svaret mitt på spørmålet om det no er på tide med ei forandring er NEI, og eg veit at eg har mange med meg i dette synet. Også folk frå Frekhaug og bygdene rundt, i ulike generasjonar. Mykje av feiringa er allereie godt tilpassa det auka folketalet og vert gjort annleis i dag enn då eg var liten på Sagstad skule, men det er samtidig verdifullt å bringe med seg over 100 år gamle tradisjonar vidare.

Før eg argumenterer meir for meininga mi, vil eg gjerne korrigere nokre av påstandane som journalisten kjem med og forsøke å teikne eit meir nyansert bilde. For det første, så er det ikkje sant at det manglar menneske langs ruta og at det er få som går i toget. Tvert imot. Det står større og mindre grupper med festkledde personar som ventar med flagg og smil på det flinke skulekorpset og det 300-400 meter lange folketoget på mange punkt langs heile Sagstadvegen, før og etter Dalevatnet – og ikkje minst i dei flotte svingane opp mot Meland.

At ein del familiar synest det er langt nok å gå halvanna kilometer medan andre veljer å henge seg på toget undervegs, kan eg ikkje sjå noko feil med. Eg finn det heller ikkje uventa eller problematisk at mange frå Frekhaug ønsker å reise til byen for å feire grunnlovsdagen. (Prosesjonen og feiringa er sjølvsagt heilt annleis der enn det ein kan få til på Frekhaug med ein brøkdel av folketalet.)

For det andre, stemmer det ikkje verken at det manglar plass til fleire utanfor kyrkja på Meland eller at det treng vere eit «logistisk mareritt» å kome seg ned att frå folkemøtet og ev. gudstenesta. Det vert sett opp gratis busstransport!

At det er «berre kyr og sauer» mellom Meland Aktiv og Meland kyrkje, er altså rett og slett feil. Slik eg ser det, er det likevel meir positivt enn negativt at der er velstelte gardar med levande dyr i tillegg til skogane og blomstrane langs vegen. Sjølve Frekhaug har mellom anna kjøpesenter, bensinstasjon og fleire hus, men eg stiller meg tvilande til om rammene rundt toget kan bli finare der.

Eg tenker at Meland framleis er ein svært passande møteplass for heile folket frå tre ulike bygdelag/skulekrinsar – slik staden òg har vore eit viktig og sentralt knutepunkt i fleire hundre år for innbyggarane i kommunen. Mange opplever nok at det er kjekt å kome opp dit og samlast iallfall denne eine gongen i året. 17. mai handlar blant anna om å hugse og lære av historia vår, minnast dei som mista liva sine under krigen og gjerne kjenne på høgtidsstemning. Alt dette ligg det godt til rette for både i og utanfor kyrkja – som mange òg finn vegen inn i. Også i år vart arrangementet vellukka, og eg trur denne tradisjonen er liv laga.

Om nokon med tida finn ut at dei vil prøve å arrangere eit alternativt «borgartog» på Frekhaug, håpar eg at det i så fall kjem som eit supplement til alt det gode som me har i dag. Som Svardal sjølv skriv: «Tradisjonar skal ein ta vare på og ein skal respektera dei.»

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags