På tide med ei forandring? Om 17. mai-toget i Sagstad-krinsen

– Frekhaug er redusert til ein plass fullt av hus utan særpreg, og eg vil synast det er trist å skulla tusla rundt her på sjølvaste nasjonaldagen, når eg veit om alternativet, skriv Gunnlaug Bastesen Dale i dette innlegget.

– Frekhaug er redusert til ein plass fullt av hus utan særpreg, og eg vil synast det er trist å skulla tusla rundt her på sjølvaste nasjonaldagen, når eg veit om alternativet, skriv Gunnlaug Bastesen Dale i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKjære Yngve G. Svardal, som eg kjenner som ein litt «sinnajournalist», men ikkje alltid ☺

Eg er også innflyttar til Frekhaug. Eg flytta hit i 1970, til verdas styggaste plass, med verdas frekkaste folk, sett frå eit barns auger som særdeles motvillig flytta frå heimen sin, bygda si og folket sitt. Eg var seks år, og flytta frå heile livet mitt i Eidfjord i Hardanger. Det var dramatisk! 13 år gamal begynte det å siga inn at det var ingen veg tilbake. At eg måtte akseptera det for å ha det ok.

Ein av dagane eg særleg sakna, var 17. mai. Alt ved 17. mai var annleis på Frekhaug. Det var ikkje til å halda ut, så eit år bad eg om å få feira dagen hjå farmor og farfar på Lindås, berre for å oppdaga at det også var heilt annleis, og heller ikkje til å halda ut…

17. mai frå heimbygda mi vil eg alltid minnast som den beste, (sjølv om eg gjennom åra har samla meg mange gode minner frå 17. mai feiringa på Frekhaug), slik den også ser ut til å gjera for deg, Yngve. Som du poengterer, så er Meland ein kommune med stor tilflytting, med like stor variasjon i måtar å feire 17. mai på, som antal tilflyttarar. Og som du også skriv: mange av dei som ikkje har flytta så langt, vel ofte å reise tilbake til heimbygda for å feire 17.mai, for eksempel til Bergen sentrum. Tradisjon er viktig. Dei som har flytta litt lengre for å koma til Frekhaug, har enten valet å stiga inn i ein ny tradisjon, svelga nokre kamelar, og tilpassa seg, eller dei kan, som du, prøva å endra på det som er, i håp om å få det slik du sjølv ynskjer.

Som du er inne på; å tilpassa seg nye ting kan vera ei utfordring. Du har pekt ut «Den eldre garde» og «dei som har fleire slektsledd i Meland» som eigarane av denne utfordringa. Kva med å snu på flisa? Kan det vera at nokre av dei mange tilflyttarane i kommunen også kan ha problemer med å tilpassa seg nye ting? Eg skjønar det i tilfelle veldig godt – det er ikkje alltid enkelt å flytta til ein ny plass.

I innlegget ditt beskriv du vegen frå Sagstad til Dale som vakker, men lang og slitsom (avsluttar med ein «klatreetappe»), sjølv om lengda ikkje er det viktigaste som du seier. Og så er det tre kyr og tolv sauer på vegen. Veit du, eg er så einig med deg om at det er vakkert!! Men klatreetappe? Eg er i generelt særdeles dårleg form, men eg kan ikkje hugsa å ha slite med Dalesvingane, (som me som har budd her litt lenge, veit at det heiter ;) ) Kanskje eg fortrenger det? Klatreetappen altså. At resten av turen gir meg så mykje at eg rett og slett ikkje hugsar at eg slit opp Dalesvingane? Kyr og sauer representerer for meg det fredlege, og kva passar betre på nasjonaldagen!

Dessutan er det alltid mange kjekke folk å snakka med i toget! Folk som ein ikkje har snakka med på lenge, eller kanskje aldri før… Eg sig litt fram og tilbake…så det kan passa bra at det er 3,7 km å gå ☺ For dei som synest det er langt, har me fleire mulighetar å hoppa på toget under vegs, og fleire nyttar seg av den.

Eg er usikker i påstanden din om at folk hoppar av ved ungdomshuset på Dale, og at lengda på toget minkar der. Så vidt eg veit, er det frukost som blir servert der, dvs at arrangementet er ferdig når toget kjem, og dei som ynskjer det, sluttar seg til toget, men det kan hende du har rett. Eg er som sagt usikker. Du skriv om at du ynskjer mykje folk både i toget og langs vegane. Når eg går frå Sagstad, står det festkledde folk i dei fleste utkjørsler som ventar på å slutta seg til toget. Ja, vegen frå Sagstad til Meland er vakker: det er mykje natur, og lite utbygging. Og ja, eg har blitt veldig glad i denne tradisjonen.

Når eg tenkjer meg om…slike journalistinnlegg (eller kommentarar for å vera korrekt) som ditt her, tvingar fram litt ekstra bevisstgjering, og det synest eg er positivt. Eg skjønar veldig godt at det ikkje er lett for alle tilflyttarar, som du poengterer at no er i fleirtal, og som du er talsmann for, å få med seg kva som eigentleg skjer på 17. mai i Meland. Uvitenhet KAN vera med å gi motvilje mot den lange togturen, eller tankar som at det sikkert er slik «berre av di det har vore slik i alle år». Kanskje me som har budd her ei stund, ikkje har vore flinke nok til å formidla det? Då vil eg nytta høve til litt oppklaring:

Frå Grasdal, Vestbygd og Sagstad skulekrets går alle toga opp kvar sine svingete bakkar, som møtest på Meland ved Meland kyrkje. Der er det folkemøte, der elevar frå ein av skulane i kommunen, eller som i år; leiaren i ungdomsrådet, held tale (mykje øving og nervøsitet ligg bak dei mesterstykka), song og musikkrefter deltek, det er kransenedlegging, og me kan kjøpa is, brus og pølse i boden som eit av Ungdomslaga står for, og som er ei viktig inntekt for dei. Det er som du skriv, trongt om plassen, men det er feststemning, hurrarop, korpsmusikk, nasjonalsang, is som dett i bakken , ketshup på avvegar, born som må tisse, fort…det er i det heile ein hektisk time. Når folkemøtet er over, står dei første bussane klare for å frakta folk til dei ulike kretsane. Samstundes startar gudstenesta, der nasjonaldagen er fokus, og der festkledde born er med å setja sitt preg på gudstenesta. Når den er ferdig, står neste pulje med bussar klare.

Deretter fortset feiringa på dei ulike skulane rundt i kommunen. Rossland og Flatøy har sjølvsagt eige opplegg med tog, som du poengterer.

Du ynskjer ei endring, der alle «på den vesle øya» møtest til « borgartog» (Finare kan det vel ikkje seiast ;)) og folkefest på Frekhaug, før ein sprer seg til dei ulike kretsane for å feira barnas nasjonaldag. Du skriv at du ikkje har alle tankar klare, men du har sikkert nokre. Er det Frekhaug senter som eventuelt vil bli den store festplassen? Og du tenker at resten frå alle krikar og krokar på den vesle øya kjem springane? Spanande tanke ;)

Om det blir endring eller ikkje…reknar med at det er andre moment som må inn enn dei 3,7 kilometra, så vil det aldri endra mitt syn på at Frekhaug er redusert til ein plass fullt av hus utan særpreg, og eg vil synast det er trist å skulla tusla rundt her på sjølvaste nasjonaldagen, når eg veit om alternativet.

Sånn heeeilt til slutt lurer eg på: Sidan du blandar inn diskusjonen om kor den nye kyrkja skal stå…skjønar ikkje heilt linken der….er det det som er den vanskelege kjernen i det heile; At folkemøtet på 17. mai vert halde på» kyrkjebakken»?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags