Medverknad og demokrati i E39-saka

Av

På nyåret 2021 skal Alver kommune fatte vedtak om ny trasé for E39, mellom Knarvik og Eikefet. Statens vegvesen står bak utgreiingane av traséval, på bestilling frå politikarane i gamle Lindås kommune. Dette blir ei avgjerd som vil få store konsekvensar for framtida til mange av bygdene i Alver, når ny motorveg skal førast gjennom landskapet.

DEL

MeiningarAlver kommune er avhengig av høg tillit frå folk for å kunne styre kommunen best mogleg gjennom tøffe «vegval».

Då må kommunen leggje til rette for at befolkninga kan ta del i ein offentleg debatt. Innbyggjarane må få god informasjon og muligheit for medverknad.

Dei politiske partia må vere tydelege på kva som er dei viktigaste politiske prioriteringane i saka, og kvifor. Kva er bakgrunnen for at dei ønskjer nettopp desse trasévala utgreidd, og kva verdiar vert vektlagde?

Utan svar på dette vert det umogleg å føre ein open dialog/diskusjon, før alt er bestemt.

Etter førre lesarinnlegg har vi fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire politikarar. Men det er berre eit parti i Alver som har markert ein tydeleg ståstad i saka, og det er Alver Senterparti. Me takkar for dette.

Det kan vere tøft å vere tydeleg på kva eit parti meiner i ei sak, med mange reaksjonar for og imot. Men det er nettopp dette som trengs for å få openheit i saka, skape offentleg debatt, og få alle sider fram som kan gje grunnlag for medvetne val.

Senterpartiet viser til det Statens vegvesen skriv i sin silingsrapport; at traseane V8 og V7C forbi Isdal og Åse har størst konfliktgrad, og at dette er enorme terrenginngrep med sin 4-felts veg. Alver Senterparti har peikt på at dei kortare vegalternativa V3 eller V4 kan vera den beste løysinga totalt sett.

Samstundes må me passa på at ikkje bygder vert sett opp mot kvarandre, og at dei best mulige traséane vert utgreia, slik at politikarane slepp å velje mellom «pest eller kolera».

Dei minst konfliktfylte alternativa, V4 og K6, står i fare for å bli tekne ut, pga fråvik ved kryss i fjell. Men desse alternativa kan og løysast utan kryss i fjell. Dersom politikarane ber Statens vegvesen om at dette vert utgreia. Vanlege innbyggjarar har ikkje rett til å be om slikt.

Alver kommune bør leggja til rette for ein solid demokratisk prosess, og gje innbyggjarane reell muligheit for medverknad og samskaping.

God informasjon er sjølvsagt viktig, slik at ein kan føra ein opplyst debatt. Når koronakrisa gjer det vanskeleg å halde folkemøte eller å invitera politikarane på synfaring, så må kommunen leggja til rette for andre måtar sikre medverknad på. Openheit må òg stå sentralt i krisetid.

Konsekvensane av å få ein 4-felts motorveg gjennom bygda er så inngripande, at folk har rett til å vite korleis vedtaka vert til, og å få delta i prosessen. Det er ikkje nok med «avbøtande tiltak» i etterkant. Bygder kan bli øydelagt for all framtid. Og den offentlege interessa er stor.

All honnør til Alver Senterparti som bidreg til openheit i E39-saka.

Me ber no om at alle partia i Alver kommune seier kva dei meiner i saka om framtidig trasé for E39 Knarvik-Eikefet, slik at vi får fram alle argument og synspunkt, og får saka godt belyst. Berre slik kan ein sørge for at det vert tatt gode val for framtida.

Kva meiner dei politiske partia Arbeidarpartiet, Høgre og Krf. i Alver kommune i saka? Kva meiner Bompengepartiet, SV, Venstre, Raudt og MDG?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags