Klar for å la seg ut utfordra

KLARE MÅL: Erik og Olaf Hella har halvmaraton som mål. Hilde Bognøy Kleivdal skal springa mila. foto Morten sæle

KLARE MÅL: Erik og Olaf Hella har halvmaraton som mål. Hilde Bognøy Kleivdal skal springa mila. foto Morten sæle

Artikkelen er over 4 år gammel

Erik har som mål å slå faren. Olaf spring fordi kona har sagt det. Hilde vil gje seg sjølv eit spark.

DEL

Humoren sit laust hjå trekløveret som alle har latt seg utfordra av mil- generalen til å delta i årets KnarvikMil.
 

– Ein seier ikkje nei til Helge. Samtidig er det eit spark til meg sjølv, noko eg har lyst til, seier Hilde B. Kleivdal som i alle fall skal springa ei mil.
 

– Eg har trent ein del før, og hadde bestemt meg for at i år skulle er prioritera kroppen og få gode vanar på plass. Når eg blir travel, dett gjerne treninga ut – sjølv om eg veit at det er feil, seier ho og legg til at ho trivst best i naturen og på joggetur. 2–3 gonger i veka er målet.

LES OGSÅ: Magnar kjempar mot kreften med trening

– Eg merkar det ligg ein indre motivasjon i botn, seier Hilde som har trent spinning med brannvesenet ein gong i veka, og er veldig glad i å gå på tur.
 

– Det var lett å sei ja, for eg hadde eigentleg bestemt meg. Og når Helge freistar med treningsprogram, så er det jo nokon som hjelper meg å nå målet mitt, seier ho. Og legg til at både venninner, kollegaer og svigerinner kan venta seg ei utfordring.
 

Far og son, Olaf og Erik Hella er begge blitt utfordra av milgeneralen.
 

– Eg skal kvila meg i form, og så skal eg slå fatteren, seier Erik. Han har sprunge halvmaraton tre gonger tidlegare – ein av dei offisiell, og han veit kva han går til. Målet er å koma under to timar.
 

LES OGSÅ: Vil lokka folk ut på tur

Pappa Olaf har trent jamt dei siste åtte månadane. I alle fall tre gonger i veka, ein gong på spinning, elles spring han 8–12 km, alt etter kor mykje tid han har.
 

– Av og til får eg med meg Erik, seier han.
 

– Då må eg venta i løypa, kjem det kjapt frå poden.
 

– Når eg krev ein runde til, då stikk han heim, parerer faren. Og legg til at det er viktig å ha eit mål og konkurrera med seg sjølv.
 

– Det er blitt veldig lett med alle duppedingsane ein har på mobilen. Å sjå at ein blir i betre form er tilfredsstillande, seier han.
 

– Kva skjedde for 8 månadar sidan?
 

– Eg fekk beskjed av kona om at no var det på tide å skjerpa seg, og det gjorde eg. Buksene var begynt å bli for tronge.
 

– For meg er det fint å koma seg ut, få litt frisk luft og få tømt hovudet etter ein stillesitjande dag på jobb, seier Olaf som aldri har vore nokon løpar, sjølv om han har idrettsutdanning frå lærarskulen. Men no når han har passert 40, er han som Hilde, opptatt av å ta vare på helsa.

LES OGSÅ: Mosjon for betre integrering

Erik vedgår at hans trening er sporadisk og ikkje optimal, bortsett når han trenar med fattern.
 

– Den beste treninga mi er på 17. mai når eg går i tog, seier ungdommen som speler tuba.
 

– Og så har eg gym med Helga Færø. Det hjelper, seier han.
 

– Kva skjer når de er ferdige med årets løp i KnarvikMila?
 

– Då skal eg heim og eta godteri, seier Erik. Men er snar med å legga til: Mi erfaring frå sist er at eg får lyst å legga meg ned og venta på at det skal koma nytt blod i tåspissane.
 

– Då skal eg feira og setta meg nye mål. Eg kan ikkje detta nedpå. Eg må jobba strukturert for å nå målet, og då er det stor sjanse for at ein fortset, seier Olaf.

LES OGSÅ: – Bana må fiksast opp
 

– For meg handlar trening først og fremst om trivsel i kvardagen, og overskot. Det er ikkje like lett å tenka førebygging når ein ikkje har vondt nokre plassar, seier Hilde som har latt seg imponera over kapasiteten til godt vaksne som begynner å springa. Manda kveld er ho på plass på Knarvik stadion, for ho har tenkt å få den draghjelpa ho kan av KnarvikMila sine mosjons- og treningskveldar kvar mandag og torsdag.
 

– Eg må springa når eg har tid. Jo meir organisert, dess verre å få til. Slik er det for meg, seier Olaf.
Og Erik; han skal som sagt kvila seg i form – om då ikkje fatter`n drar han med på joggetur!
 

Nh kjem til å følga desse tre mot målet dei har sett seg.

Artikkeltags