Fylkeskommunen legg ned tannklinikkar: – Dette er ei rasering

FÅR LEVA, ENN SÅ LENGE: Tannklinikken på Manger vert ikkje kutta i denne runden.

FÅR LEVA, ENN SÅ LENGE: Tannklinikken på Manger vert ikkje kutta i denne runden. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Går inn for å stenga klinikkane på Fedje, Modalen, Masfjorden og Frekhaug. Men det er ei lita opning for dei minste klinikkane.

DEL

– Dei har vedteke ei rasering av klinikkstrukturen i Hordaland, meiner Nils Marton Aadland (H).

Tysdag vedtok Fylkestinget å legga ned mellom anna tannklinikkane på Fedje, Modalen, Masfjorden og Frekhaug. Det kan spara fylket for så masse som 15 millionar kroner årleg.

– Fylket sparar pengar, men dei overfører kostnadane til innbyggarane, seier Aadland.

LES OGSÅ: Høgre vil freda tannklinikkane – I allefall i eit år til

– Dårleg vedtak for innbyggarane

– Det betyr eit dårlegare tilbod til våre innbyggarar, hevdar han.

Han viser til at i dag kan barn og unge gå til klinikken på Frekhaug, medan dei i framtida må verta transportert til Knarvik.

– Her hastar ein gjennom ei sak for å spara pengar på kort sikt, men for innbyggarane er dette eit dårleg vedtak, meiner han.

Aadland meiner det heile er eit resultat av ein hestehandel.

Nedleggelsane vil skje når det nye helsehuset i Knarvik er ferdig i 2018. Manger får leva vidare, medan innbyggarane på Fedje og deler av Masfjorden no må bruka Lindås.

Nils Marton Aadland

Nils Marton Aadland Foto:

Klinikken på Lindås skal etter planen flyttast til Austrheim når den nye skulen står klar der om nokre år.

– Då får me eit sterkt tilbod i sør og eit i nord, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF).

Tannklinikken på Manger får leva eit par år til. Til nyskulen står klar.

– Då må Manger vurderast på nytt at, meiner Kårbø.

LES OGSÅ: Kraftige reaksjonar mot nedleggingsforslag

Provosert av Aadland

Det var fleirtalet beståande av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, halve KrF og Framstegspartiet som gjekk inn for å legga ned klinikkane. Totalt sit ein at med 25–27 klinikkar i heile Hordaland.

– Eg har vore med og lytta og vurdert. Og Helsehuset i Knarvik får konsekvensar for ein del andre, seier Kårbø.

Han let seg provosera av kritikken frå Aadland og Høgre.

– Dei som no er aktive med kritikken sat og toa sine hender og gjorde ingenting då dei hadde makt, dei berre skubba på det. Eg tykker han er ufin. Kanskje Nils Marton (Aadland) skulle gjort noko då han var i posisjon?, er den flengande kritikken frå Kårbø.

Han seier at ein må visa seg ansvaret verdig når ein har det.

Aadland har tidlegare peika på at ein burde venta med nedleggingane til dei nye storkommunane sine ansvarsoppgåver var fordelt av Stortinget. Han viser til at fleirtalet i kommunal- og forvaltningskomiteen, beståande av Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner at tannhelsetenesta bør overlatast til kommunane.

Sveinung Valle (Ap), Jon Askeland (Sp) og Pål Kårbø (KrF) stemte for å kutta i talet på tannklinikkar i Nordhordland.

Sveinung Valle (Ap), Jon Askeland (Sp) og Pål Kårbø (KrF) stemte for å kutta i talet på tannklinikkar i Nordhordland. Foto:

Kårbø på si side meiner at ein måtte handla no, for å hjelpa dei som jobbar i systemet i dag.

– Om me hadde venta til neste år, ville det framleis gått tre fire år før ein var operativ. Det fortener ikkje dei som jobbar der i dag å venta på, seier han.

Tysdagens vedtak opnar og for at private kan driva klinikkane på Fedje, Modalen og Masfjorden som vert lagt ned.

LES OGSÅ: Fem tannklinikkar i Nordhordland kan bli nedlagde

– Måtte ta grep

– Kor realistisk ser du på det at private vil drifta ein klinikk som er open kvar 14. dag?

– Eg kan ikkje gå i detaljar på kor realistisk det er, seier Kårbø.

Også Sveinung Valle (Ap) peikar på at innbyggarane på Fedje og Modalen ikkje er gløymd. Han seier fylket var nøydde til å ta grep.

– Frå Frekhaug er det sju minutt med bil til Knarvik. Me må og gjera grep i høve til alle satellittane me har i dag, elles vert det meiningslaust med ein stor klinikk i Knarvik, seier Valle.

Han viser til at det er også faglege vurderingar som ligg bak vedtaket.

– Tannlegane etterlyser sterkare fagmiljø. Det får ein no i alle regionar i Hordaland, sluttar han.

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) gjekk i mot fleirtalet, og stemte mot kuttforslaga .

LES OGSÅ: Tannklinikken i Austrheim forsvinn

Artikkeltags