Amedia sikra seg handballrettane – no kan du sjå eliteserien på nordhordland.no

Laga i eliteserien for kvinner blei presenter under Avkast i Oslo nyleg. B.f.v. Trine Haugstad frå Kongsberg, Katrine Lunde frå Vipers , Mari Molid frå Larvik, Vilde Ingeborg Johansen frå Tertnes, Andrea Austmo Pedersen frå Byåsen, Sherin Obaidli frå Molde og Jenny Caroline Sandgren frå Fredrikstad
F.f.v. Andrea Hanssen frå Rælingen, Sara Sætre Rønningen frå Oppsal, Sofie Vinde Norum frå Fana, Madeleine Østlund frå Gjerpen og Heidi Løke frå Storhamar.

Laga i eliteserien for kvinner blei presenter under Avkast i Oslo nyleg. B.f.v. Trine Haugstad frå Kongsberg, Katrine Lunde frå Vipers , Mari Molid frå Larvik, Vilde Ingeborg Johansen frå Tertnes, Andrea Austmo Pedersen frå Byåsen, Sherin Obaidli frå Molde og Jenny Caroline Sandgren frå Fredrikstad F.f.v. Andrea Hanssen frå Rælingen, Sara Sætre Rønningen frå Oppsal, Sofie Vinde Norum frå Fana, Madeleine Østlund frå Gjerpen og Heidi Løke frå Storhamar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Avisa Nordhordlands eigarkonsern Amedia har inngått ein avtale med Norges Handballforbund og Norsk Topphandball som betyr at Amedias lokalaviser og Nettavisen trappar opp si dekning av handball, og no vil me senda handballens eliteserie for kvinner og menn. I tillegg har Amedia også visningsrett for handballens nivå to og tre.

Det betyr at du kan sjå Frekhaug-kvinna Marie Davidsen og hennar lagveninner i Tertnes Handball på avisa Nordhordland sine sider. Onsdag kveld møter dei Byåsen på bortebane.

Du kan og sjå ei rekkje av Fana og Fyllingen sine kampar hjå oss.

Ansvarleg redaktør i avisa Nordhordland er nøgd med å kunne gje abonnentane sine nok eit tilbod som avisa er åleine om i regionen.

– Det er veldig bra for lokalavisene med alle rettane me har, at me no og får handballen er ei fjør i hatten, seier han.

Handball er den nest største idretten i Norge, etter fotball, med over 135 000 utøvarar over hele landet.

– Me har sett i samband med Norway Cup at dette er eit tilbod abonnentane våre er interessert i og me trur det er mange i Nordhordland som vil ha glede av dette tilbodet, seier Nydal.

Tidlegare i år har avisa Nordhordland sine abonnentar kunne sjå Brann sine fyrste cupkampar og ein kunne følga Sarpsborg 08 i Europaliga-kvalik, Norway Cup og breiddefotball. Me har og vist toppserien i fotball for kvinner, tennis-NM og me skal visa volleyball, hockey og basket utover vinteren, eksklusivt for våre abonnentar.

Klikk her for å komma til Norgessporten, vår portal for direktesendt idrett!

Generalsekretær Erik Langerud i Norges Handballforbund seier at avtalen med Amedia er viktig for norsk handball.

– Dette er ein stor dag. Med Amedia på laget vil vi auka både merksemda og engasjementet gjennom brei distribusjon i landets lokalaviser. Samtidig vil Nettavisen bidra til riksdekkande merksemd. Amedia er ein perfekt partnar, og vil i endå større grad auka interessa for norsk handball med eit lokalt preg, seier Langerud.

Amedias aviser og mediehus skal overføra minst 260 kampar fra øveste nivå, samt produsera og senda ei rekke kampar frå fyrste og andre divisjon av håndballen.

Norsk Topphandball sentralt og eliteserieklubbene er også veldig fornøgd med å få Amedia med på laget.

– Dette er noko klubbane har ønska å få til, og vi er sikre på at vi saman vil sikra ei god utvikling av topphandballen i media, seier dagleg leiar i Norsk Topphandball, Hein Barthold.

Handballforbundet vil no saman med Amedias lokalaviser, Nettavisen og TV 2 vidareutvikle opplevinga av handball både på lineær fjernsyn og via strøymetenester for dei som ikkje ser kampane i handballhallen.

Amedias satsing på direktesendt sportsjournalistikk omfattar også fotballkampar frå PostNord-ligaen, Regionsligaen, NM og Toppserien, samt øvste nivå i basket, ishockeyens 1. div. og ei rekke andre lokale arrangement.

Avtalen med Norges Handballforbund har ein varighet på fire år.

Klikk her for å komma til Norgessporten, vår portal for direktesendt idrett!

Artikkeltags