Bli med på historisk undersøking: Nordhordland vil ha fram lokale #metoo-historier

Avisa Nordhordland og ei rekkje andre aviser i Amedia-konsernet går saman om ei stor #Metoo-undersøking, der me vil få fram flest mogleg historier frå lesarane våre.

Avisa Nordhordland og ei rekkje andre aviser i Amedia-konsernet går saman om ei stor #Metoo-undersøking, der me vil få fram flest mogleg historier frå lesarane våre. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Saman med ei rekke av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen, skal avisa Nordhordland no få fram folket sine «metoo»-historier. På kvinnedagen vil vi saman presentera omfanget av #metoo i Norge. Bli med i den anonyme undersøking vår her!

DEL

– #Metoo har blitt ein global kampanje, og no ønsker avisa Nordhordland i lag med våre samarbeidsaviser i Amedia å sette fokus på temaet lokalt. Vi ønsker å høyre lesarane sine historier og kanskje avdekke noko av omfanget dette har lokalt. Meg kjent har ikkje det blitt gjort i Nordhordland før, seier redaktør Trond Roger Nydal.

Dei siste månadane har #Metoo breidd om seg og blitt eit globalt fenomen. Så langt har det til dels blitt veldig bransjespesifikt, og noko som i hovudsak har involvert det øvre sjiktet i samfunns- og næringslivet.

Men #Metoo-historier finst ikkje berre blant politikarar, skodespelarar og i mediebransjen. Det føregår i alle krikar og krokar av samfunnet vårt. I samarbeid med ei rekke av Amedia sine 63 lokalaviser og Nettavisen vil avisa Nordhordland no få fram folket sine metoo-historier.

(Brukar du mobil, klikkar du her: Ta undersøkinga her!)

– Denne undersøkinga er heilt anonym, men om nokon har historier ein vil stå fram med i media, står ein fritt til å tipse oss på vanleg måte. Så vil vi sjølvsagt sjekke og vurdere alle tips etter vanlege nyheitskriterium, seier Nydal.

Avisa Nordhordland ønsker at lesarane skal dele sine historier. På den måten vil vi sjå om det er eit stort problem også her vi bur, for vi mistenker at det er store mørketal. Undersøkinga er sjølvsagt heilt anonym, men ein er også velkommen til å kontakte ein av Nordhordland sine journalistar dersom ein ønsker det.

På kvinnedagen 8. mars vil Nordhordland og andre Amedia-aviser over heile landet presentere omfanget av #metoo i Norge.

Med dette ønsker vi å sette dagsorden. Å gjere Norge betre. Å markere ein felles parole. Vi skal rett og slett spegle #metoo slik heile Norge ser det. Vi håpar lesarane vil dele sine historier, for berre på den måten kan ein få oversikt over kor stort problemet er, og få slutt på slik uønskt åtferd.

Artikkeltags