Gå til sidens hovedinnhold

1700 NRK-journalistar går ut i streik

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er brot i meklinga mellom Norsk Journalistlag og NRK/Spekter. Det vert dermed streik frå klokka 13:01 tysdag.

– Årsaka er at avstanden blei for stor på løn, seier meklar Torkjel Nesheim til Medier24.

I heile natt har hovudorganisasjonane Spekter og NJ møtes til eit siste forsøk på å unngå streik i NRK, men partane nådde ikkje fram for journalistane sin del.

NTB skriv at bakgrunnen for meklinga og nå streiken for NJ-tilknytt NRK-tilsette er at de krev økt lønn, men også lønnsmessig likebehandling av tilkallingsvikarar, samt at NRK følger opp sine tilsette og sørger for oppdatert kompetanse.

Les også

Nytt håp for FM-nettet til lokalradioene

 

– Det har ikkje vore reelle forhandlingar. Vi opplever at NRK ikkje har rikka seg ein tomme gjennom meklinga. NRK misbruker frontfagsmodellen, og bruker den som ein absolutt grense, i eit forsøk på å kneble de frie forhandlingane. Dette er eit forhandlingsklima vi ikkje kan godta. NRK sender dermed 1700 journalistar ut i streik, seier Richard Aune, leder i Norsk Journalistlag i NRK, etter intense forsøk på å finne løysingar hos Riksmeklaren.

Det vart oppnådd semje mellom Spekter og LO stat.

Ein streik vil kunne ramme blant anna den tradisjonsrike sendinga på 17. mai. I tillegg vil streiken ramme NRK sitt tilbod både på radio, TV og nett. Direktør Olav Nyhus i Juridisk avdeling i NRK sa måndag føremiddag at det er uvisst kva NRK kan tilby publikum ved ei eventuell streik.

– Det er også slik at vi kan sende tidlegare produksjonar, så det er ei moglegheit vi har. Dette er noko vi må vurdere nærmare.

Sist det var streik i NRK, var i 2006. Då var dei NJ-organiserte tilbake på jobb etter åtte dagar, medan dei som var organisert i dei LO-tilslutta organisasjonane heldt ut ei vekes tid til etter det. I 1990 streika journalistane i NRK i 25 dagar.

Saka vert oppdatert

Les også

Toppsjefen i AS Lokalavisene sluttar og tar over to nye aviser i fylket

 

Kommentarer til denne saken