«Jeg skjønner ikke hva du sier, er det grautmål?».

STRIL: Då Jon Eikemo kom til Oslo på slutten av 1950-talet var det ikkje lett å vera stril og halda på målet. Men han la aldri om, og søndag vart han heidra for sin bruk av strilamålet på scene og film gjennom mange tiår.

STRIL: Då Jon Eikemo kom til Oslo på slutten av 1950-talet var det ikkje lett å vera stril og halda på målet. Men han la aldri om, og søndag vart han heidra for sin bruk av strilamålet på scene og film gjennom mange tiår.

Artikkelen er over 4 år gammel

Då Jon Eikemo fyrst kom til Oslo fekk han ikkje filmroller på grunn av dialekten sin.

DEL

Søndag vart Eikemo og Herborg Kråkevik tildelt Medaasprisen for sin bruk av dialektane sine i kunsten.

For Jon Eikemo tok det lang tid før dialekten hans vart akseptert som ein del av kunsten sin, då han kom til Oslo på slutten av 1950-talet.

Då han utdanna seg til skodespelar fekk han ein dag eit brev heim i posten.

– Der fekk eg beskjed om å slutta om eg ikkje gjekk over til normalisert austnorsk, seier han.

LES OGSÅ: Medaasprisen til Herborg Kråkevik og Jon Eikemo

Gjekk glipp av roller

Seinare meiner han at han gjekk glipp av fleire filmroller på grunn av dialektbruken.

– Nett etter at eg kom bort til Oslo var eg på prøvefilming, men så fort eg opna kjeften min, sa dei stopp-stopp, seier han.

Det skjedde fem-seks gonger.

– Eg høyrde aldri noko meir frå dei, legg han til.

Han seier det gjentok seg fleire gonger utover 60-talet.

Han meiner austlendingane er jålete og nedlatande.

– Det er skapt eit klasseskilje i Noreg med språket, meiner han.

Han seier at det er mang ein gong folk har sagt til han på austnorsk «Jeg skjønner ikke hva du sier, er det grautmål?».

– Då har eg tatt tak i brystkassa på dei og rista dei og spurt dei om trur du mor di snakkar betre enn mor mi?, fortel han.

Han seier austlendingane er ikkje dumme.

– Det er ikkje det at dei ikkje forstår det eg seier, men dei vil ikkje forstå, seier han.

No trur han det er meir akseptert å vera stril enn det var, og sjølv nyttar han stort sett alltid dialekten sin når han opptrer.

LES OGSÅ: Velfortent heider til strilemusikken

– Ivar var ein stor mann

– Det er her Ivar Medaas kjem inn i bildet. Og eg. Me har vore med og gått opp den vegen for andre, seier han.

– Ivar var ein stor mann, ein opnar for strilemålet, seier han.

–Difor var det lettare for Herborg Kråkevik og Kenneth Sivertsen å opptre i si tid, meiner han.

Eikemo møtte Ivar Medaas fyrste gong i 1959 då dei opptredde på Heim for landsungdom i Nordahl Bruuns gate i Oslo.

Sidan så var dei gode kameratar som hadde masse moro i lag. Ikkje alt eignar seg på trykk.Eikemo fortel om nokre livlege snekketurar dei hadde.

– Korleis den snekka fann vegen heim att lurar eg på av og til, seier han og brummar.

Men det bør me ikkje snakka om i avisene, brummar han vidare.

– Ivaren var ein stor entertainer når han var i form, seier han.

LES OGSÅ: Frisk strilehumor frå verdig Medaas-prisvinnar

– Ingen A4-mann

Men han legg ikkje skjul på at Medaas ikkje var nokon A4-mann. Og det meiner Eikemo er bra.

– Lever folk A4 får du ikkje noko anna enn A4. Det er ikkje kjekt å sjå på, seier han.

Eikemo var på besøk i Alversund fleire gonger.

– Siste gong eg såg han sat han i rullestol og han rulla forbi huset der foreldra hans budde. Eg skjønte det gjekk mot slutten då, seier han.

Herborg Kråkevik, den andre prisvinnaren seier at det å høyra målet sitt på radio og fjernsyn gjer at ein sjølv tenker at det er mogleg.

– Me har mykje å takka pionerverksemda deira for, seier ho til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Claus Sellevoll får Medaasprisen

Herborg snakkar dansk

Ho seier at ein ting er å ta vare på dialekten sin, som er veldig viktig. Men det er og viktig å sjå utover og snakka fleire språk. Sjølv snakkar ho dansk heime i Danmark, noko andre nordmenn reagerer på.

– Det er komisk, men når eg snakkar dansk kjem nordmenn bort til meg og spør kvifor eg gjer det. Det er vel betre at eg gjer det enn å snakka engelsk, spør ho.

Men folk som knotar har ho ikkje noko til overs for.

– Knoting er grufullt, seier ho og smiler.

LES OGSÅ: Olav Stedje fekk Medaas-prisen

Artikkeltags