MDG: – Ei orsaking og utdjuping trengst

Leif Johnsen og Anita Bakken kjem med orsaking.

Leif Johnsen og Anita Bakken kjem med orsaking. Foto:

Av

Innlegget «FNB feiler...» fekk reaksjonar på sida av vårt poeng. Ei orsaking og utdjuping trengst.

DEL

MeiningarMe trekk setninga «Ein varslar har fått oppreising», positivt meint frå oss, negativt oppfatta av han. «Ein varslar har fått medhald» ville vore betre.

Så: FNB unndrar seg å vere den representative røysta i budsjettsaker for 1/5 av veljarane. Det ER ansvarslaust, eit politisk og demokratisk tap, når det største partiet ikkje fremjar tiltak mot eit dramatisk økonomisk uføre, som angår ALLE i Alver, ikkje bare 1/5. Deira diffuse politisak, der «henlagt» spøkjer, hemmar tvertom det akutte felles økonomiarbeidet - òg dei ferkse folkevalde i FNB si skulering på lokalpolitikkens tyngste saksfelt, med størst konsekvens for befolkninga.

Pinesame prioriteringar pressar FNB og alle partia no: Kva valløfter skal dei prioritere å bryte i eit budsjettarbeid med innsparing og kutt, det mest krevjande og vonde arbeidet i politikken, med følgjer for økonomien i minst fire år? Folkeaksjonen NEI til bompenger, kva «Nei» vil de aksjonere for no? Nei til kutt i tenester for svake grupper? Nei til kutt i ikkje-lovpålagte tenester? Eller: Nei til auka inntekter? Nei til reduksjon i utgifter.

Les innlegget som fekk reaksjonar her:

Artikkeltags