MC-ulykke ved Nipetunnelen

DEL

Ein MC med to personar skal ha køyrt ut ved Nipetunnelen på E39 i Alver kommune. Ulykka skal ha skjedd nord for tunnelen like etter 17.00.

Like etter klokka 18 melder politiet at vegen er opna att.

Begge dei to involverte er frakta med ambulanse til Haukeland.

– Det skal ha skjedd under ei kraftig oppbremsing, der sykkelen har velta. Dei to personane skal vere bevisste, men skal ha smerter, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til BA.

Det var lange køar i området og trafikken står på staden, opplyser politiet på Twitter.

Både Nipetunnelen, Masfjordtunnelen og Matreberg/Trodaltunnelane mellom Knarvik og Oppedal vart stengde midlertidig grunna ulykka, melder Vegtrafikksentralen Vest. Rundt klokka 18 var alle opna att.

Artikkeltags