MC krasja med bil i Vadheim

Det vart meldt om ein del kø i området.

DEL

(Firda): Klokka 14.47 laurdag melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Vadheim. Ifølgje politiet var det ei møteulykke mellom ein MC og ein bil.

Naudetatane vart sendt til staden, og då meldinga kom var det ikkje meldt om alvorlege personskader.

Vegtrafikksentralen vest melde at ulykka skal ha skjedd ved Ulvehovden. Klokka 15.28 var det manuell dirigering på staden, og ein del kø i området.

Klokka 17.12 vart det meldt om fri ferdsel på vegen.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt fortel til Firda at dei involverte vart sjekka av ambulansepersonell.

– Kva som har skjedd er uavklart. Det er ord mot ord, seier operasjonsleiaren som rekna med at det ville bli oppretta sak på forholdet.

Bilbergar henta både bilen og motorsykkelen etter ulykka.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken