Gå til sidens hovedinnhold

May Fjeldstad Iversen skal leie nysatsing i bergensregionen

May Fjeldstad Iversen er tilsett som dagleg leiar i Amedia sitt nye salsselskap i Bergen. Ho kjem frå sals- og marknadsføringsselskapet Kloss Hold, og vil starte i si nye stilling 1. november.

Amedia satsar no offensivt mot store annonsørar i bergensregionen.

Det nye selskapet Fjeldstad Iversen skal leie er eit salsmiljø som skal sikre store annonsørar i bergensregionen profesjonell bistand og best mogleg effekt av annonsering.

Selskapet vil samarbeide tett både med den lokale salsavdelinga i Bergensavisen, Amedia Salg og Marked og Amedia Innholdsbyrå.

– Fantastisk utvikling

May Fjeldstad Iversen har brei erfaring gjennom mediebyrå i Oslo, sals- og marknadsavdelinga i Bergens Tidende og no sist som dagleg leiar i Kloss Hold AS, som er eit sals- og marknadsføringsselskap med aktivitet i fire land.

Ho har ein bachelorgrad i økonomi og marknadsføring frå Handelshøyskolen BI.

– Eg er stolt og audmjuk over tilliten eg har fått. Amedia er eit mediekonsern i ei fantastisk utvikling. Dei siste åra har Amedia hatt ei imponerande digital utvikling og sit i dag med unik innsikt om lesarane sine, som vil kunne gi annonsørane auka verdi og god effekt av sine investeringar.

– Eg gler meg til å bli endå betre kjent med mediehusa og dei flinke folka som jobbar i Amedia. Ikkje minst ser eg fram til å bygge eit sterkt team og starte gode kundeprosessar, seier ho.

– Fått på plass viktig brikke

Styreleiar i det nye selskapet, Svein Atle Huus, seier han er veldig glad for at Fjeldstad Iversen har takka ja til denne viktige stillinga.

– Ho har ein god og allsidig bakgrunn både innan mediesal, omstilling og leiing, som er viktig å ha for å kunne bygge opp og leie vår nye satsing. Med hennar lange og breie erfaring, hennar forretningsforståing og innsikt i korleis ein bygger team som jobbar mot felles mål, har vi no fått på plass ei viktig brikke i det nye vi skal etablere i Bergen. Eg gler meg til å samarbeide med May, uttaler Huus.

Fjeldstad Iversen startar i jobben 1. november og vil umiddelbart starte arbeidet med rekruttering og elles alt som må gjerast av førebuingar for å få det nye salsmiljøet raskt opp og gå.

PS! Amedia er eigar av Avisa Nordhordland og majoritetseigar i Bergensavisen. Svein Atle Huus er styreleiar i Avisa Nordhordland.

Kommentarer til denne saken