Gå til sidens hovedinnhold

Arrangerte kakefest då draumeferja kom til Gulen

Artikkelen er over 6 år gammel

Men Skyss går framleis ikkje med på Norled sine planar om å få «Bjørnefjord» inn på sambandet over Fensfjorden.

Folket i Gulen er så lei det dei meinar er elendig ferjemateriell over Fensfjorden, at dei berre sitrar av spaning på kva som skal verta ferjeframtida deira.

For ei og ei halv veke sidan fekk ein nok ein gong problem med hovudferja på sambandet, MF «Melderskin». Denne gongen var det problem med propellen som var årsaka til problema. Kor lenge den vert vekke frå sambandet er uvisst, men det vert truleg til nærare jol.

LES OGSÅ: Mista MOB-båten ned i kaien

I førre veke vart det kjent gjennom avisa Nordhordland at Norled vil setja inn ferja MF «Bjørnefjord» på sambandet, men både Statens Vegvesen og Skyss sette foten ned for det.

Planen deira var å erstatta den skadeplaga MF «Melderskin» over Fensfjorden med «Bjørnefjord». Samstundes skulle «Gloppen» vera reserveferja på Sognefjorden. Det har dei fått blant avslag på, Plan B er framleis å bruka «Bjørnefjord» på Fensfjorden, samstundes skal den vera reserveferje over Sognefjorden. Men samstundes ville dei ha «Gloppen» liggande i Skipavika, slik at den kan gå inn på sambandet over Fensfjorden når «Bjørnefjord» var vekke.

I helga vart av alle ting «Bjørnefjord» sett inn som reserveferje for reserveferja MF «Gloppen». Noko som vekte stor merksemd i Gulen.

Eit tjuetals menneske hadde samla seg og Johny Birkeland A/S stillte med vassfontene. Då ferja var applaudert til kai, akkompagnert av norske flagg, hurrarop og vassfontene, var det nokre av dei frammøtte som tok eit tur/retur-cruise over fjorden. Dei hadde med blautkake som vart delt ut til passasjerane, og ei blautkake som vart overrekt til mannskapet.

Ivar Eide, leiar i næringsrådet i Masfjorden og Gulen var mellom dei som jubla for at «Bjørnefjord» var på plass på sambandet.

– No er det om å gjera få behalda den på sambandet, seier Eide til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Norled vil setje inn denne ferja på Fensfjorden. Får blankt avslag

– No kjenner ikkje eg så godt til «Bjørnefjord», men går ut frå er atskilleg betre materiell enn den vi hadde, seier han vidare.

Han hadde store forventningar til det bebuda møtet mellom Norled og Skyss som var på måndag.

– Ein må skjøna at det ligg ei skugge over «Melderskin» som ikkje er forenleg med regularitet, sa han.

– Veldig trasig for næringslivet ikkje veta om lasten med frossenfisk kjem avgarde til rett tid. Og det er heilt avgjerande at sambandet går for aktiviteten i Fensfjordbassenget, la han til.

Men i følgje nettstaden Vest24.no var det lite nytt som kom ut av møtet.

– Me vart einige om at me må skissera opp nokre rammer for ei slik løysning, som me ynskjer. Ingenting er avklart enno, Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjer i Norled til Vest24.

Men er eigentleg regulariteten over Fensfjorden så dårleg? I heile 2013 var ferja ute av drift i totalt 193 av 12.747 turar. 126 av dei skuldast trøbbel med ferja, resten dårleg vêr.

Fram til utgangen av oktober var dei same tala 110 innstilte turar, av dei 58 grunna ferjetrøbbel. Så kom det ein heftig peride i november, der me framleis ikkje har oppdaterte tal, men det har vore ein del turar der ferja ikkje har gått grunna teknisk trøbbel.

LES OGSÅ: Sløvåg-ferja ute igjen

I same periode har trafikktala auka monaleg. Dei fyrste ni månadane i år har trafikken auka med heile 12 prosent. Totalt har ferjene frakta 236.339 personbileiningar over fjorden på den tida, mot 219.081.

– Det er overraskande at det er så stor vekst, seier Utåker i Norled til avisa Nordhordland.

Han seier at dei hadde rekna med ein vekst på to-tre prosent på strekka.

– Me klarar ikkje å finna nokon enkeltårsak til auken, legg han til.

For Norled som har ei nettokontrakt, der bilettinntektene tilfell dei, er fleire bilar god butikk.

– Det er og ein av grunnane til at me vil ha «Bjørnefjord» opp hit, sidan trafikken er større her enn på Ranavik-Skjersholmane, peikar han på.

Men dei ser ikkje for seg liknande vekst i 2015, då reknar dei nok ein gong med to-tre prosent auke.

Fleire i Gulen ivrar for at det vert innført to ferjer på sambandet, når det skal ut på anbod igjen. Anbodet til Norled varar fram til 31.12.2018, med opsjon for eit år til. Utåker i Norled er skeptisk til to ferjer på sambandet.

LES OGSÅ: Var likevel ikke over og ut for «Gloppen»

– Det vil truleg vera å skyta over mål, seier han og viser til at det er lite attståande bilar på sambandet. Faktisk berre 71 bilar på årets fyrste ni månader. Utåker peikar og på at personalkostnadane på eit samband utgjer 40 prosent, så med ei ekstra ferje vil alle prisar gå monaleg opp.

– Då er det heller betre å auka farten litt og ha til dømes 25 minutt mellom kvar avgang enn dagens 30, seier han.

– Det vil kosta meir i drivstoff og slitasje, men vil vera vesentleg billigare enn to ferjer, meiner han, og legg til at dette er ikkje Norled har offisielle tankar om.

LES OGSÅ: Så mange gonger var «Melderskin» ute av drift i 2013