Maskiningeniøren Bjørn-Olav startar eige cateringbedrift

Hagellia Matstove Bjørn-Olav Hagesether

Hagellia Matstove Bjørn-Olav Hagesether

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Bjørn-Olav Hagesether har stor interesse for matlaging og saftkoking, og er oppteken av kortreist mat. No er han klar for opning av Hagellia Matstove, med kantinedrift og catering.

DEL

Hagsether er utdanna maskiningeniør, og dei siste åra har han vore lærar på Knarvik vidaregåande.

– Men eg har alltid vore glad i matlaging, og halde mykje på med det på hobbybasis, fortel han.

Kantina i Dampen

Hagellia Matstove har store og lyse lokale i det nye næringsbygget «Dampen» og nærmar seg klar for den offisiell opninga på mandag.

– Det vil nok vera mellom 50 og 60 innom kantina på dagleg basis, men vi kan dekka for opptil hundre mann i selskapssamanheng, fortel Hagesether, og legg til at folk kan leige både lokale og catering.

– Vi har allereie inne mange bestillingar framover, blant anna på konfirmasjonar som det vert ein del av framover. Elles kan vi brukast i dei vanlege selskapsvariantar, alt frå dåp til gravferd.

Samarbeid

Hagesether har ikkje satsa åleine. Han var kjapt ute å inviterte Øystein Bjørnsen, som fram til no har vore kokk på Stordalen Fjellstove, med på laget.

– Eg og Øystein kjenner kvarandre godt, og har faktisk jobba litt i lag før. Han er ein dyktig kokk, som er god å ha med på laget.

No eller aldri

Hagesether er oppteken av kortreist mat, og har halde på med diverse på fritida.

– Eg har halde på med ein del safting og sylting, og eg innsåg at eg trengde eit større kjøkken om eg skulle halda oppe «hobbybedrifta» mi, Bjørn-Olavs gardsmat og Heksebrygg.

– Men det var heilt tilfeldig at eg hamna her, fortel han.

– Eg hadde ikkje tenkt tanken før ein kjenning foreslo det. Det vart mykje tankar, og det vert nok travelt, men eg nærmar meg pensjonisttilværet. Det er no eller aldri.

Hagesether fortel at dei begge er oppteken av å tilbeda mat frå grunnen, og kortreiste ingrediensar.

– Og så vil tida visa kor mykje saft og anna det vert tid til, seier han.

Artikkeltags