Heilt sidan desember har kurdaren frå Tyrkia, Ferhat Altinpinar, pussa opp og renovert lokalet i Knarvikgården. 16. februar opna han «Milano Pizzeria», som han driv saman med sin bror.


– Det er spanande å opna restaurant i Knarvik, for dette er ein veksande stad. Eg trur det kjem til å verta ein eigen by før eller seinare, seier han.

Liker å skapa noko

Gründeren Altipinar, som er kokk og pizzabakar, driv også pizzarestaurant på Dale. I tillegg er han medeigar i «Proff mur og Varme», som ligg i Bergen.

– Eg liker utfordringar og å skapa noko. Det å sjå at ein bedrift går bra, er utruleg gøy. Når eg har fått denne staden opp å gå, kan eg begynne å tenka på å starta neste restaurant, kanskje i Bergen, seier kurdaren.

LES OGSÅ: – Vi fekk ein ny start i Norge


Med seg i staben har han ein god kompis, samt to ekstrahjelper, som hjelper til ved behov.
– Viss det går bra her, vert nok fleire fast tilsett.

– Skil seg ut i mengden

Då Altipinar pussa opp lokalet la han vekt på å skapa ein roleg og behageleg atmosfære.
– Eg ønska ikkje at lokalet skulle bæra brev av å væra ein typisk innvandrar-sjappe, difor har eg fått hjelp av fagfolk til å velja fargar på alt frå vegger til gardiner.


Han meiner Milano Pizzeria skil seg frå andre liknande bedrifter i Knarvik.
– Her har vi mange bord, og god plass til kundane. Vi tar bordbestilling og har eit stort fokus på god service, seier han.

Lærer av matprogram

Altinpinar er opptatt av å gje kundane sine ein god matoppleving, og jobbar stadig vekk for å verta betre.
– Eg lærer mykje ved å sjå på ulike matprogram på TV. Eyvind Hellstrøm, Jamie Oliver og Gordon Ramsey er tre kokkar er har fått masse inspirasjon frå. Mykje av det dei gjer og seier, tar eg med meg til eige restaurantar. Det fine med slike program, er at eg får tips og råd eg sjølv kan bruka.


Eit av tipsa han har tatt til seg er å ikkje ha ein alt for stor meny.
– Ingen gidd å leita seg gjennom ein meny med 50 ulike pizzaar. Her hjå oss har vi færre ting på menyen, og på den måten går kvaliteten høgare opp. Men det betyr ikkje at vi ikkje har stort utval – her får ein alt frå pasta og pizza til kebab, seier eldsjela.