Steinras stenger veg i Stordalen

DEL

Vegtrafikksentralen melder at det har kome ned ein del større steinblokker og eit større tre like før Fossen på fylkesveg 381 mellom Stordalen og Matre i Masfjorden.

Vegen er førebels stengt og det skal heller ikkje vera mogleg å passera på staden.

– Me har fått melding om at vegen har fått skader, men det veit me ikkje enno. Entreprenøren er på veg for å sjekka status no, seier Idar Sangholt ved Vegtrafikksentralen til avisa Nordhordland.

Også tidlegare i veka var vegen i Stordalen stengt, då på andre sida av dalen. Då var det fylkesveg 92 som var stengt ved Stordalsstølen. Då var vegen stengt i nærare fem timar.

Saka vert oppdatert

Artikkeltags