Klar tale om vigsle av homofile: – Prestane er grå og gamaldagse

KLAR BESKJED: 10.klassingane ved Sandnes Skule tykkjer at alle prestane skal gjere som presten i Masfjorden; seie ja til å vigsla homofile i kyrkja. Frå venstre: Linnea Kvingedal, Bjørnar T.Bauge, Tuva Mjanger Sivertsen og Stina Nordland. Foto: Linn M. Rognø.

KLAR BESKJED: 10.klassingane ved Sandnes Skule tykkjer at alle prestane skal gjere som presten i Masfjorden; seie ja til å vigsla homofile i kyrkja. Frå venstre: Linnea Kvingedal, Bjørnar T.Bauge, Tuva Mjanger Sivertsen og Stina Nordland. Foto: Linn M. Rognø.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Sjå på kongen – han er over 70 år og seier at i Noreg skal vi akseptera at jenter liker jenter, og at gutar likar gutar. Då burde alle prestar klara å seie det same!

DEL

– Det skulle berre mangla at dette vart vedteke no! Det har vore diskutert i såpass mange år at då bør alle prestane få auga opp og skjøne at homofile og lesbiske er vanlege menneske. Sjølv om dei har ein annan legning, betyr ikkje dette at dei er mindre verd.

Stina Nordland (15) er klar i talen; det er på tide at kvar ein prest aksepterer ekteskap mellom homofile og lesbiske, og dermed takkar ja til å vigsla dei i kyrkja si.

Stina diskuterer temaet saman med Linnea Kvingedal, Bjørnar T. Bauge og Tuva Mjanger Sivertsen som alle går i 10. klasse ved Sandnes Skule i Masfjorden.

Stolte av presten

Akkurat no er dei stolte av presten i sin heimkommune, Tone Marit Håland Dyrkolbotn, som er den einaste presten i Nordhordland som seier ja til å vigsla homofile og lesbiske.

– Det er veldig kult at ho vil dette, forhåpentlegvis kjem alle prestane i Nordhordland til å seie ja til dette til slutt, seier klassekameratane.

– Vedtaket om kyrkjevigsel for homofile er flott sidan vi er menneske alle saman, og det skal ikkje vere skilnad på om det er to menn eller to kvinner som giftar seg, seier Linnea.

Bjørnar er einig.

Gammaldags tankegang

– Eg tenker at prestar som ikkje ønsker å vigsle homofile er litt gammaldagse, ting forandrar jo seg med tida, meiner han.

Stina trur også at dei prestane som nyttar reservasjonsretten bør gå litt inn i seg sjølv.

– Eg tenker på dei prestane som typisk gråhåra, gammaldagse menn i 60-åra. Men sjå på kongen – han er over 70 år, og han klarar å seie i talen sin at i Noreg så skal vi akseptere jenter som liker jenter, og gutar som liker gutar. Viss kongen klarar å akseptere dette, så burde prestar også klara det, meiner 15-åringen.

Bjørnar trur ikkje at prestar med ei slik haldning vil hjelpa på rekrutteringa til kyrkjelyden.

– No når dei er så negative, trur eg ikkje akkurat at fleire vil melde seg inn i kyrkja, det tvilar eg sterkt på, seier han.

Linnea nikkar og seier at det helt sikkert ville ha lokka fleire til å bli medlem av kyrkja dersom prestane opna opp for vigslar for alle uansett legning.

Heilt vanleg om 20 år

På skulen har 10.-klassingane diskutert temaet litt, særleg med ein gong vedtaket vart gjort.

Dei er ganske samde om at sjølv om ikkje alle prestar er for likekjønna ekteskap i dag, vil ting vere vesentleg endra om 20 år.

– Vi er ein heilt annan generasjon, vi er mykje meir opne for homofile, lesbiske og transseksuelle. Det er fordi vi har vekse opp med det, så alt dette er vanleg for oss, bedyrar Tuva.

Ho får støtte frå Stina.

– Om 20 år er det ikkje noko rart med homofilt ekteskap, og alle prestar tillèt det, vil eg tru.

– Stå på!

15-åringane har ei oppmoding til alle homofile og lesbiske som ønsker å gifta seg sjølv om dei møter motstand i enkelte kyrkjelydar.

– Køyr på, stå på! Sjølv om det kanskje tek nokre år før alle prestar godtek dette, så vinn de kampen til slutt.

Artikkeltags