Arvid Lahti frå Masfjorden skal som kjent denne sommaren prøva seg på verdas nest høgste fjell; K2 med sine 8611 meter.

19. juni sette han kursen mot Islamabad der han møtte den canadiske klatreveninna Monique Richards.

Etter møtet med resten av ekspedisjonen på ti personar, starta dei på den 8-9 dagar lange turen inn til K2 base camp (5100m). Derifrå har dei hatt fleire akklimatiseringsturar oppover i fjellet denne siste månaden. Planen var i utgangspunktet toppbestigning i byrjinga av august.

Tett kontakt

Marit Andreassen i Høyfjellspesialisten har vore Arvid sin reiseleiar på mange av dei tøffe fjellturane han har lagt bak seg sidan «jomfruturen» til Kilimanjaro i 2003. Ho følgjer den sindige masfjordingen tett, og har jamnleg kontakt med han.

Ferdig akklimatisert

På www.hoyfjellspesialisten.no/K2.php fortel ho mandag at ho har snakka lenge med Arvid på satelitt-telefon både søndag og mandag.

– Dei har kome vel tilbake til Bace Camp etter ein god akklimatiseringstur opp til 6900 m. Dei er faktisk ferdige med akklimatiseringa no, og Arvid synest den har gått veldig greit. Han trur at noko av grunnen til det er at dei i dei siste åra har vore i høgda minst to gonger i året, og kroppen kjenner difor att høgda og tilpassar seg raskt, seier ho. Og ikkje ein einaste dag har Arvid hatt hovudpine.

Finvêrs-veke

I dag, onsdag, vil dei truleg starta toppturen, var meldinga mandag..

- Det ser ut for at vêret vil vera fint og stabilt heilt fram til 28. juli. Deretter vil det koma nedbør og snø. Så om alt går etter planen vil toppbestiginga vera 26. eller 27. juli, seier Andreassen.

Tirsdag hadde ho igjen kontakt med Arvid, og då hadde situasjonen endra seg. Det vert ingen start på toppturen no. Både på grunn av usikkerheit rundt vêret, om dei har nok tau og oksygen.

- Slik var situasjonen tirsdag formiddag. Men etter eit møte blant leiarane seinare på dag, fortalde Arvid at dei måtte venta på neste vêrvindu. Det kan fort dreia seg om ei veke eller meir i bace camp før dei kan starta, og truleg vert det ein ny akklimatiseringstur i mellomtida, seier ho. Og legg til at tau i alle fall ikkje er noko problem, og at Arvid er roleg og tålmodig.

- Då eg nemnde at det må vera psykisk utmattande å få slike beskjedar om venting, svara han at dette er då vanleg på alle høge fjell; å venta på moglegheit for å prøva toppen, seier Marit Andreassen.

Aktiv tindebestigar

57-åringen frå Masfjorden har litt av ei meritt-liste å visa til. Han er mellom anna den første i Norge som har bestege verdas høgste fjell, MT Everest frå begge sider på eit år.

Her er høgdekarriera til Arvid Lahti:

2003 Kilimanjaro 5895 m

2003 Cotopaxi 5898 m (5400m)

2005 Aconcagua 6962 m (6200m)

2006 Everest Bace Camp/Kala Pattar 5500 m

2007 Vallecitos 5500 m

2007 Aconcagua 6962 m

2008 Toubkal 4165 m

2009 Cho Oyu 8201 m

2011 Mt Kenya 4985 m

2012 Mt Everest frå sør-sida 8850 m

2012 Island Peak 6189 m

2012 Ama Dablam 6812m

2013 Mt. Everest frå nord 8850

2014 Makalu 8481 m