Stordalen: Mann omkom i sykkelulykke

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vest politidistrikt melder onsdag morgon at ein mann i slutten av 40-åra har mista livet i ei sykkelulykke i Stordalen i Masfjorden.

Ulykka skjedde i 01-tida i natt.

– Det er ingen vitne til ulykka. Det vart funnen ein sykkel i grøfta og ein mann i området, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Mannen vart funnen av nokon som kom køyrande oppover i bakkane like før fossen i Stordalen.

Det vart forsøkt gjenoppliving, men mannen vart konstatert død etter litt over ein time.

Mannen er ikkje heimehøyrande i området, men var i Matre i samband med jobb, og det var meininga at han skulle reisa på jobb onsdag.

Dei pårørande er varsla og politiet opprettar no ei undersøkingssak for å finna ut kva som har skjedd.

Ulykkesgruppa frå Statens vegvesen skal inn i området for å sjå på ulykkesstaden, onsdag.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags