Telefonfeil i Masfjorden

DEL

Tysdag morgon klokka 08.10 vart det registrert feil på kommunen sitt telefonsystem, og til dess feilen vert oppretta kan det vere vanskeleg å komme gjennom.

Det melder Masfjorden kommune på sine nettsider.

Ein veit i skrivande stund ikkje kva som er feil, og dermed heller ikkje kor lang tid det vil ta å rette feilen opp att. Dersom du prøver å ringe eit kommunalt nummer og ikkje når fram, er det ikkje anna å gjere enn å vente litt og prøve om att.

Artikkeltags