Nattestengd ferje

Kabelferja «Fjon» skal få batteridrift og vert tatt ut av beredskap i to netter.

Kabelferja «Fjon» skal få batteridrift og vert tatt ut av beredskap i to netter. Foto:

DEL

Grunna ombygging til batteridrift vert det naudsynt å ta kabelferja MF «Fjon» ut av beredskap to netter i veke 50.

Det melder Masfjorden kommune på sine nettsider.

Nattestoppet vil gjelda frå klokka 23, tysdag 11. desember til klokka 06.00 morgonen etter. Det vert det same den påfølgande natta.

Det går normalt sett ikkje ferjeruter på den tida.

Artikkeltags