Musikantar hadde englevakt

Artikkelen er over 7 år gammel

- Bilen mista fullstendig feste, seier sjåføren.

DEL

Det kunne gått alvorleg gale då ein Volkswagen Caravelle med tilhengar kjørte av vegen og hamna på taket i gangstien på Haugsvær torsdag ettermiddag.

Seks musikarar på veg til konsert i Ålesund sat i bilen då det gjekk frykteleg gale i bakken frå butikken på Haugsvær og ned mot fjorden.

- Det var dårleg føre, så eg tok det veldig roleg. Eg kjørte maksimalt i 50, truleg mindre også. Brått mista bilen fullstendig feste, og eg hadde ikkje ein sjanse til å stoppa han, seier bilføraren til Nh.

Bilen sklei utfor vegen og utfor ei høgde på tre-fire meter, før den landa på taket midt i gangstien like ved undergangen ned mot byggefeltet på Haugsvær.

- Vi var seks i bilen. Fire er frakta til sjukehus i Bergen, fortel sjåføren, som saman med ein annan mann kom frå det heile utan fysiske skader.

- Englar i bilen

Frå Haukeland Universitetssjukehus vert det torsdag kveld opplyst at ei kvinne på 23 år og ein mann på 32 år er innlagt med lettare skader etter ulukka.

- Dei to andre har ikkje nokon traume, og då vert det ikkje skrive pressemelding på dei. Det vert vanleg innlegging for dei om dei må på sjukehuset, opplyser pressevakt Therese Trandem overfor Nh.

Då Nh var på ulukkesstaden torsdag kveld held dei to musikarane som kom frå ulukka utan skader på å rydda opp bagasje og instrument saman med hjelpemannskap brannvesenet og Haugsvær Auto.

Bilføraren konkluderte med at musikarane tross alt hadde hatt hell i uhell.

- Dette kunne gått veldig gale. Vi hadde nok ein del englar med oss i bilen, seier han til Nh.

Hamna i gangsti

Det var svært glatt på staden der ulukka skjedde, men den einaste staden i området det omtrent er mogeleg å kjøra av vegen er akkurat dei meterane der bilen sklei av.

Resten av vegstrekket har autovern på begge sider.

Politiet vil førebels ikkje uttala seg om årsaka til ulukka, men glatta må etter alle solemerke ta skulda.

Bilen hamna på taket i ein gangsti som er mykje brukt, og berre ein liten time før ulukka skjedde stoppa skulebussen like ovanfor undergangen, og skuleborn gjekk på staden bilen hamna.

Torsdag kveld vart bilen drege på plass igjen av mannskap frå Haugsvær Auto.

Sjå TV Nordhordland-reportasje frå ulukka her

Artikkeltags