Etterlyser tiltak mot mobbing og høgt sjukefråvær

UROA: – Eg er uroa over den høge statistikken om mobbing, og trivsel i skulen, seier Torill Torsvik Størkersen (Ap).ALLE FOTO: Morten Sæle

UROA: – Eg er uroa over den høge statistikken om mobbing, og trivsel i skulen, seier Torill Torsvik Størkersen (Ap).ALLE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Skulane i Masfjorden ligg godt over landsgjennomsnittet på mobbestatistikken, politikarane er uroa over dei høge tala.

DEL

Temaet vart tatt opp under kommunestyremøtet onsdag kveld, der folkehelseoversikt for Masfjorden vart lagt fram.

Oversikta fortel mellom anna at Masfjorden ligg over landsgjennomsnittet og høgast samanlikna med nabokommunane når det gjeld opplevd mobbing på skulen, både i 7. og 10. klasse.

LES OGSÅ: Kvar månad vert fleire hundre elevar mobba på skulane i Nordhordland

– Eg er uroa over den høge statistikken om mobbing, og trivsel i skulen, seier Torill Torsvik Størkersen (Ap).

– Vi ser og at fråfallet i den vidaregåande skulen er på veg opp. Desse tinga vert sett i samanheng, seier ho.

HØGT: Masfjorden ligg over landsgjennomsnittet og høgast samanlikna med nabokommunane når det gjeld opplevd mobbing på skulen, både i 7. og 10. klasse.

HØGT: Masfjorden ligg over landsgjennomsnittet og høgast samanlikna med nabokommunane når det gjeld opplevd mobbing på skulen, både i 7. og 10. klasse.

Miljøarbeidarar

– Vi har eit veldig ønske om at det kjem tiltak retta mot dette, og vil at rådmannen ser på saka, og kjem tilbake med tiltak i saldert budsjett, seier Størkersen.

– Vi har sett på andre skular, og det er og min eigen erfaring, at det er sett inn miljøarbeidarar i skulen med veldig godt resultat. Om det er løysinga for oss veit eg ikkje, men eg ønsker at vi ser på dette, seier ho.

LES OGSÅ: Lindås-ordføraren vart sjølv mobba som barn

IKKJE NYTT: – Mobbing har vi snakka om kvart einaste år dei førre fire åra, det er ikkje noko nytt tema for kommunestyret, seier Arthur Reidar Sjursen (Ap).

IKKJE NYTT: – Mobbing har vi snakka om kvart einaste år dei førre fire åra, det er ikkje noko nytt tema for kommunestyret, seier Arthur Reidar Sjursen (Ap).

Partifelle Arthur Reidar Sjursen seier saka har vore diskutert også i kontrollutvalet.

– Mobbing har vi snakka om kvart einaste år dei førre fire åra, det er ikkje noko nytt tema for kommunestyret, seier Sjursen.

– Når ein oppdagar at nokon blir mobba, korleis vert dei mobba? Er det via mobil, får dei bank, kva skjer, og korleis grip vi an sakene, spør han

– Eg håpar eg får dykk med på at dette blir eit tema i forvaltningsrevisjonen, dette er noko vi må gå djupare ned i, seier han.

Tiltak i barnehagen

Tove Kristin Sleire Tistel (V) etterlyser tiltak alt i barnehagen.

– Mobbing må vi framleis ta opp, det er ikkje noko som forsvinn. Eg etterlyser kva som vert gjort i barnehagen, det er ei kjensgjerning at mykje startar alt der, seier ho.

– Eg har og etterlyst parallellar frå MOT-arbeidet på ungdomstrinnet til å ta det ned til mellomtrinnet, her er det tre klassetrinn som ikkje har eit godt tilbod i høve mobbing, seier ho.

LES OGSÅ: «Berit» lev med eit sår på sjela – Vart mobba i 30 år

Frode Langhelle (H) trur ikkje auka midlar er løysinga.

– Vi har vedteke ein del planar innan skule, i desse ligg det og tiltak mot mobbing. Her må ein ta eit sånt djupdykk at ein kan finna rotårsaka til dette, seier han.

– Eg trur ikkje medisinen er meir pengar inn i skulen, det må eit omfattande haldningsarbeid til, seier Langhelle.

Høgt sjukefråvær

Folkehelseoversikta viser at sjukefråveret i Masfjorden kommune har auka siste året. Det legemelde sjukefråværet i kommunen låg lenge under landsgjennomsnittet, men ligg no godt over, og høgt samanlikna med nabokommunane.

– Det høge sjukefråveret er dystre tal, det har auka drastisk, seier Janne-Judith K. Sandnes (Frp).

– Er det noko med bemanninga, at ein ikkje får vikarar, treng vi å auka grunnbemanninga?

– Om folk blir mykje sjuke, og ein tyner dei ein har att, blir fleire sjuke, og vi kjem inn i ein vond sirkel, seier ho.

– God stim

Rådgjevar for helse, Helga Ellingsen, håpar tiltak som alt er gjort vil gje resultat.

– Sjukefråværet er høgt, mellom anna på sjukeheimen. Det vi mellom anna har gjort der er ein arbeidsplassvurdering, og ein har tatt kurs, seier Ellingsen.

– Vi må passe på og sjå kva vi kan få til, vi må legge til rette så godt vi kan. Eg trur vi er inne i ein god stim, det vil resultata etter kvart vise. Det er masse skuldrer og føter, det ser vi. Der har vi bedriftshelsetenesta aktivt inne, seier ho.

Artikkeltags