Ho skulle gjerne gitt regjeringssjefane i verda eit sanningsord om miljøtrusselen. I staden har Malena Matre (96) skrive om skaparverket og miljøet vårt i poetiske former.

- Det hastar med å ta til fornuft, fastslår poeten frå Masfjorden, som først på sin eldre dagar for alvor gjekk i gang med å skriva dikt.

Ho er nesten som ein miljøaktivist å rekna. Engasjementet for jorda vår kjem til uttrykk i fleire av dikta hennar.

- Ta miljøtrusselen på alvor, er den klare meldinga frå Malena.

Ho er litt pessimistisk med tanke på framtida.

Vanskeleg å snu

- Det ser ikkje ut som folk er så veldig opptatt av dei miljøutfordringane vi står overfor, sjølv om det kan verka som om alvoret i situasjonen har sige litt meir inn enn før.

- Det er vanskeleg å snu ein kultur som i så sterk grad er basert på forbruk, gods og gull. Oljealderen har ikkje berre vore ei velsigning, men også gjeve oss mange problem, seier ho, og deklamerer eit dikt ho har kalla «No blømer heggen».

Ho har alltid hatt sansen for språket, og har tidlegare i livet skrive dikt og songar til ulike familiesamankomstar og bursdagar.

Ho skriv ikkje så mykje nytt lenger. Finpussar mest på det ho alt har ført i pennen, forklarar Malena, som gjerne les sine dikt for andre, som ho gjorde seinast under sjukeheimsbasaren.

Det strøymde på

Malena fekk kveikt si lyriske åre for alvor etter å ha skrive lesarinnlegg i avisene i samband med ein arealstrid på Matre for ein god del år sidan.

- Dei ville visst ha meg vekk, seier 96-åringen, som beit seg fast der ho høyrde til.

Lesarbrev-skrivinga gjorde at poesien byrja å strøyma på henne. Ho skriv om heimplassen, om daglegdagse ting, om natur og miljø. Ho skriv også om dei store spørsmål i livet, og fortel at det har vore naturleg for henne å halda på si barnetru.

Sola tilbake

Ho skriv humoristisk om den molletne riva, men mest kan hende er Malena opptatt av skaparverket og omgjevnadane våre. I eit av dikta skildrar ho opplevinga når sola kjem tilbake etter å ha vore borte i fire veker.

- Du veit - når vi går fleire veker utan sol om vinteren, så bryt gleda ut når sola plutseleg dukkar opp. Like plutseleg fall diktet ned i meg, seier ho.

Det blir som ein hyllest også til Matre-bygda og dei mektige omgjevnadane.

Medan ho har vore på sjukeheimen har Malena fått skrive inn ein del av dikta sine på PC. Det ho ikkje har på kladd, har ho i minnet. Som diktet ho skreiv då 2.verdskrig var slutt. Ho kan det på rams, og les for oss med innleving.

Elskar å hekla

No er ho heime igjen på Matre etter eit kortidsopphald på sjukeheimen.

- Lårhalsbrot, forklarar Malena.

96-åringen ser fram til at ho også skal bli betre i høgreneven, slik at ho kan koma i gang med heklinga. - Eg elskar å hekla, fortel ho.

Malena Matre ser sprek ut, eit vakkert ansikt, nesten rynkefritt, spør du meg. Den utdanna sjukepleiaren har levd eit sunt liv.

Eit sunt liv

Malena fortel at ho heilt frå ho var lita jente har likt å gå tur. Den einaste gongen ho har røykt, blas ho røyken på ei lus.

- Lusa tålte ikkje sjokket og fall ned. Dermed konkluderte eg med at dette ikkje var noko for meg heller, seier ho med eit smil.

Malena vaks opp i Odda, og reiste etter kvart til tigerstaden for å utdanna seg til sjukepleiar. Ho gifta seg med Theodor, og hamna på eit gardsbruk på Matre. Sånn sett kom ho tilbake til røtene, ettersom morslekta kom frå Masfjorden.

- Eg hadde ikkje bakgrunn frå gard før eg kom til Matre. Men eg lærte jo meg både å mjølka og spinna, og var på stølen om sommaren, seier Malena, som ikkje synest det er rart at mange bønder blir leie og sular opp no for tida.

Travle dagar

Malena jobba ikkje som sjukepleiar etter at ho kom til Matre under krigen. Det kunne bli hardt nok med både gardsarbeid og ungestell, minnest ho. Men ho var ikkje vanskeleg å be når folk trong hjelp.

Malena engasjerte også sterkt i helselagsarbeidet, mellom anna som leiar i fleire år.

Ho og Theodor fekk tre barn, og no er ho bestemor til seks og oldemor til ein. På veggen over senga på rommet på sjukeheimen heng eit bilde av henne med oldebarnet Marius på fanget.

Eldstedottera er gift og busett i Østerrike, og der har Malena vore mange somrar på besøk. Seinast som 90-åring reiste ho åleine med fly. No ser ho fram til at dottera og familien skal koma heim til sommaren.

Godt stell

Malena Matre har budd på sjukeheimen sidan i midten av januar, og er svært godt fornøgd med stellet ho får.

- Sjølvsagt er det godt å koma heim igjen, men eg har hatt det veldig fint her. Personalet er alltid så greie og blide, så eg er ikkje redd for å koma tilbake hit, seier ho.