Bergens Tidende melder at Miljødirektoratet har pålagt Erko Seafood AS å stoppa drifta ved to oppdrettsanlegg i Masfjorden.

Årsaka skal vera dårleg miljøstand og låge oksygennivå i Masfjorden.

Det var i vår at selskapet fekk trekt tilbake to av utsleppsløyva sine for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten.

Årsaka var då at hydografiske målingar i Masfjorden viste at oksygennivået i dei djupaste delane av fjorden var blitt lågare enn det fisk treng for å overleve.

Årsakene til endringane er samansette. Historiske data viser at vassutskiftinga i Masfjorden har vore ujamn, det har gjerne gått 10 til 13 år mellom kvar stor utskifting av bassengvatnet i fjorden. Samstundes som det har vore ei lengre periode utan utskifting av bassengvatnet, har akvakulturproduksjonen i fjorden auka.

I samband med tildeling av utsleppløyve i 2011 og 2012 ga fylkesmannen pålegg om overvaking av djupvatnet i Masfjorden. Pålegget vart gitt for å undersøke om fjorden tålte dei auka utsleppa og vere ei oppfølging av utrekningar oppdrettar hadde fått utført. Denne overvakinga vart ikkje gjort før i 2016. Fylkesmannen fekk første rapport 16. desember 2016. Resultatet viste at det hadde vore nedgang i oksygennivået i bassengvatnet sidan 2012. No var oksygenmetninga i den djupaste delen av fjorden under kritisk grense for at fisk skal kunne overleve. Målingar i 2017 viser at tilstanden ikkje har endra seg til det betre.

Bt.no skriv at Erka Seafood har avvist at det er utsleppa frå oppdrettsanlegga deira som er skuld i oksygensvikten. Oppdrettarane skal ha engasjert advokatar i samband med dette.

Erka Seafood får likevel driva fram til fisken er slakteklar i april 2018. På det viset unngår dei milliontap.