Initiativet til å få laga ei eiga masfjordkofte kom frå tre damer som saman driv «Rips garn og interiør» i lokale i Vidsyn i Sløvåg. Våren 2015 inviterte dei alle som måtte ha lyst til det, til å kome med framlegg til korleis ei masfjordkofte - og ei gulenkofte - skulle kunne sjå ut.

Det skriv Masfjorden kommune på sine heimesider.

Med utgangspunkt i innkomne framlegg, og i godt samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk har damene utarbeidd to trøyemodellar, ei Gulenkofte og ei Masfjordkofte.

LES OGSÅ: undefined

I bolen og på armane har damen valt eit mønster frå eit par gamle pulsvantar som kjem frå Masfjorden. Desse vantane vart levert inn til Bergen Historiske museum for mange år sidan. Fargane i masfjordkofta er inspirert frå desse.

I berestykket har dei brukt element som fjella i Masfjorden og holda i kommunevåpenet. Borda med kryss og ruter er inspirert frå forklede til Masfjordbunaden. Og atter dukkar mønsteret frå pulsvantane att oppe ved halsen.

At arbeidet med koftene har vakt stor interesse, var det store antalet frammøtte eit klårt prov på. Om lag tre hundre menneske hadde funne vegen til Vidsyn for å vere med på lanseringa. Det kan med andre ord sjå ut som at det kan verte mange nye Masfjordkofter å sjå i tida som kjem.

LES OGSÅ: undefined