Ein trufast følgesven: Reidun Furebotn likar å gå på tur, og synes det er fint å ha ein ven på fire bein som drar ho ut av huset. Alle foto: Benedicte midthaug torsvik

Ein smak av stølsheimen

Rusta i Stordalen er eit flott alternativ for søndagsturen med familien. Frå 825 meter over havet byr den på fantastisk utsikt i alle retningar.
Av
Publisert

Stordalen er eit fint utgangspunkt om du skal utforske den vakre Stølsheimen. Herifrå er det gode moglegheiter anten du ønsker å gå kortare turar eller vere ute heile dagen. Vi treff Reidun Furebotn på veg ned frå Rusta. Ho overtek hytte i Stordalen no i haust, og gler seg.

– Vi hadde ei hytte på åremål her for mange år sidan, og har elles vore på mykje dagsturar både om sommaren og på ski om vinteren. Eg er veldig glad i å gå på tur, og går mykje tur heime også. Eg bur ved Salhus, så eg har vore mykje på Veten og Tellevikfjellet. Vi har jo ein som drar oss ut, fortel ho.

Mange alternativ

Skal Reidun nemne favoritt-turane sine blir det til Stordalsvarden, eller lengre turar kor ein går til Dukestølen eller Vågsetstølen.

– Det er fine turar, og det er veldig greitt at det finst så mange moglegheiter og at ein kan variere litt. Eg synest også turen til Rusta er ein fin tur, og det er kjekt at det er ein rundtur slik at ein slepp å gå ned att same vegen, seier ho.

Toppen: Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen.

Toppen: Utsikt frå toppen av Rusta mot Stordalen.

Flott rundtur

Vi parkerte ved Stordalen Fjellstove, før vi gjekk merka løype inn Bukkedalen. Før ein kjem til vatnet er det skilta til Rusta opp lia på høgre side. Turen går vidare på merka sti. Ved skilta følger du ruta mot Røyrdalsfjellet og vidare mot Rusta.

Her på 825 meter finn du både Tursekken-plakat og bok du kan skrive namnet ditt i. Du følger same stien ned att til skiltet, kor du tar av til ein kortare (men brattare) rute mot fjellstova. Ønsker du ein mindre bratt tur kan du gå tilbake same ruta som du kom. Turen tar cirka 2 timar.

UT PÅ TUR

Knarvik Senter og Avisa Nordhordland vil i ein serie i sommar presentere dei ti flotte fjelltoppane som er med i Tursekken 2017. Dette er ein konkurranse fram til 31. august i regi Knarvik senter og ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant Avisa Nordhordland.

Turstoffet er levert av skribent i Senteravisa, Benedicte M. Torsvik, og turgåarar som deler bilde på Instagram.

All informasjon om korleis du deltar i konkurransen finn du på www.knarviksenter.no. Last gjerne opp bilde på Instagram med emneknaggen #avisanh i tillegg.

Artikkeltags