Politiet har oppklart innbrotsraid

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er greitt å få oppklart slike ting, seier politiet sjølv.

DEL

I slutten av januar var Masfjorden plutseleg plaga med ei rekkje innbrot i området mellom Masfjordnes og Andvik. Både fritidseigedommar og naust fekk besøk av ein uønska gjest som stakk av med både verktøy og bensin

Ved hjelp av tips frå publikum og samarbeid med politiet i Knarvik har no Ivar Holmaas og hans kollegaer ved Gulen, Masfjorden og Solund lensmannskontor klart å oppklara innbrota.

– Ein person har tilstått innbrota og me har funne at mesteparten av tjuvgodset. Resten er det forklart til oss kva er skjedd med, seier lensmann Holmaas til avisa Nordhordland.

Han seier dei byrja å fatta mistanke til ein konkret person etter det siste innbrotet var oppdaga.

– Det er positivt at folk er merksame og hjelper oss, så me får etterforska og får ei oppklaring på det, seier han.

– Det er greitt å få oppklart slike ting når ein fyrst er plaga med det, legg han til.

Homaas seier publikum er ein god støttespelar.

– Me i politiet gjer så godt me kan, men utan informasjon og tips frå folk, får me kanskje ikkje byrja på rett stad, seier han.

Innbrota og tjuveria frå Mjeldneset og Grinde frå byrjinga av desember, står framleis uoppklart.

Artikkeltags