I ei lang årrekkje har Eldbjørg Mjanger lagt ned time på time med frivillig innsats til glede for både gamal og ung.

Søndag vart ho heidra med Frivilligprisen.

- Mange personar finn det meiningsfullt å ta på seg oppgåver dei ikkje er pålagt å gjera, til mykje glede for andre menneske. Her hjå oss er det ein person som har hatt eit stort engasjement i fleire tiår.

- Særleg har denne personen vist stor ansvarskjensle for at borna i området skal få ei kristen oppdraging, kunne fungerande ordførar i Masfjorden kommune, Kari Skår Sørheim fortelja dei frammøtte i Granneheimen på Kvingo søndag.

Når ho avslørte dette skjøna dei fleste frammøtte at det var snakk om Eldbjørg Mjanger. Hovudpersonen på si side skjøna fint lite.

- Eg såg jo at det var ein framand mann her, og då eg fann ut at han var frå avisa nordhordland skjøna eg at noko var på ferde. Men eg trudde kanskje at dei berre var rundt og lodda julestemninga, seier Eldbjørg Mjanger til latter frå dei frammøtte.

- Eg brukar å vera godt førebudd på det meste, men i dag visste eg ingenting. Eg må få seia tusen, tusen takk for denne ærefulle prisen. Det er viktig å understreka at eg har hatt det grådig kjekt i alle desse åra, og at eg har hatt veldig mange gode medhjelparar, seier Mjanger som unekteleg har gjort ein stor frivillig innsats både i heimkommunen sin og regionalt.

Les meir i Nh vesle julaftan.