Gå til sidens hovedinnhold

Masfjorden sjukeheim fjernar tidsavgrensing på besøk

Frå og med torsdag 27. mai er besøk på Masfjorden sjukeheim ikkje lengre avgrensa til éin time.

Masfjorden sjukeheim har bestemt at besøkande ikkje lengre må ta omsyn til tidsavgrensinga på éin time for besøk ved sjukeheimen.

Dei beheld derimot framleis regelen om at det kan vere maksimalt eit besøk per dag, med inntil to besøkande på bebuar sitt rom. Ved besøk utandørs kan bebuarane ta imot inntil seks besøkjande. Dette skriv Masfjorden kommune på sin eiga heimeside.

– Grunnen til at me fjernar tidsavgrensing er at det er kome ønskje frå pårørande om dette, og me vurderer smitterisikoen som låg no når dei fleste bebuarar er fullvaksinert, forklarar helse – og omsorgsleiar i Masfjorden, Oddvin Neset, om avgjersla.

Besøkande må bruke munnbind, og kommunen opplys at ein må vareta smittevernreglar for besøk.

Kommentarer til denne saken