(BA/NTB), Ljubljana: Det er tøffe krav for å få spela meisterskapskampar i kvinnehandball for Norge. Det merkar den tidlegare Tertnes-målvakta frå Holsnøy.

Handballekspert i TV3 Gunnar Pettersen melde i førre veke at Davidsen var blant de tre beste målvaktene til no i meisterligasesongen.

Silje Solberg-Østhassel og Katrine Lunde har likevel vorte valt framfor Davidsen til no i EM.

Klar over rolla si

Likevel er Davidsen full av smil og latter når ho møter til pressetreff i strålande haustsol i Slovenia.

– Eg er klar på den rolla eg har. Den er eg innforstått med. Eg gjer mitt beste for å hjelpa laget. Laget er det viktigaste, seier Davidsen til NTB.

Målvakttrenar Mats Olsson seier dette om strilen:

– Marie er her i EM fordi ho har hatt ei veldig fin utvikling i Bucuresti. Der har ho gjort det stort sett bra alltid. Eg har god kontakt med trenaren der, og har vore på besøk i Romania, seier Olsson til NTB.

– Hadde ho vore fast i kamptroppen hjå dei andre laga i EM?

– Det hadde ho vore. Ho hadde spelt stort sett hjå alle andre lag.

Davidsen held seg kampklar så godt ho kan. Det har skjedd før at spelarar har vorte skadde under meisterskap.

– Det kan jo dessverre skje. Så ein må vera førebudd, trena godt og vera på tå hev heile vegen, seier Davidsen.

Er allereie vidare

Norge er allereie vidare i meisterskapen etter 38-21-sigeren mot Sveits søndag kveld. Norge leia 19–9 ved pause. Framfor vel 1100 publikummarar i Arena Stožice i Ljubljana, vart oppgjeret eit kvileskjer i meisterskapen.

Landslagssjef Thorir Hergeirsson brukte kampen til å fordele speletid på mange i troppen, men altså ikkje til Davidsen frå Holsnøy:

– Målet var å halde dei under 22 mål, og det greidde me. Me visste at dei ville spela mykje sju mot seks, og me burde ha scora mange mål i tomt bur, sa Hergeirsson til TV3 etter kampen.