Marie Davidsen kalla inn som reserve til EM-troppen

Marie Davidsen (27) er til dagleg førstekeeper i den tyske klubben Thüringer.

Marie Davidsen (27) er til dagleg førstekeeper i den tyske klubben Thüringer. Foto:

Den tidlegare Tertnes-keeperen frå Holsnøy sluttar seg til EM-troppen etter sjukdom hos Silje Solberg.

DEL

(BA): Davidsen var med i den norske bruttotroppen til EM, men blei ikkje tatt ut då Thorir Hergeirsson presenterte den endelege EM-troppen for ei veke sidan.

Men måndag meldte fleire medier at Silje Solberg har testa positivt for korona, og samme kveld fekk Davidsen beskjed om å slutte seg til den norske EM-troppen som reserve.

Davidsen sjølv veit ikkje om ho kjem til å spele kampar for Norge.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Eg må først komme meg dit og halde meg frisk, og det er ikkje alltid like lett. Eg får berre ta det som det kjem. Eg skal bidra med det eg kan og gjere det så godt eg kan på trening. Eg har ikkje tenkt så mykje meir enn det, seier Davidsen.

Keeperen frå Holsnøy er til dagleg førstekeeper i den tyske klubben Thüringer. Ho har tidlegare spelt sju sesongar i Tertnes, og har aldri vore med det norske A-landslaget tidlegare.

Handball-EM blir arrangert frå 3. til 20. desember. Bergensar Stine Skogrand er allereie med i den norske EM-troppen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken