Onsdag ettermiddag fall ein mann frå eit stillas på Mongstad, og landa på eit betongdekke frå det politiet skildra som «betydeleg høgde».
– Han fall frå mellom 20 og 25 meter, fortel Ivar Holmaas, fungerande stasjonssjef ved Nordhordland politistasjon, til BA torsdag føremiddag.
Samtlege naudetatar rykte ut til den særs alvorlege ulukka. Til alt hell skal mannen ifølgje politiet ha vore vaken og bevisst då han vart kørd til Haukeland sjukehus.
Ingen sikta
Den skadde mannen er tilsett i Beerenberg, som er ein av Equinor sine leverandørar på raffineriet på Mongstad. Beerenberg sette onsdag ned krisestab og Equinor mønstra beredskapsorganisasjonen. Equinor varsla òg at dei kom til å gjennomføra ei eiga gransking av ulukka.
Det er ukjend kva som var grunnen til at ulukka skjedde. Politiet etterforskar saka. Så langt er ingen sikta.
– Me har sperra av området, og tek avhøyr, driv undersøkingar på staden og hentar inn dokumentasjon. Målet er å finna ut kva som har skjedd, og om det eventuelt er noko straffbart, fortel Holmaas.
Han har ikkje fått opplysningar som tilseier at ulukkessteden var videoovervaka.
– Alvorleg hending
Petroleumstilsynet, som er tilsynsmyndigheit på Mongstad, er kopla på saka.
– Dette er ei alvorlig hending. Me jobbar med å danna oss eit bilde av kva som har skjedd, og skal ha eit møte med Mongstad i løpet av dagen, seier pressekontakt Øyvind Midttun, og legg til:
– Me vurderer å setta i verk ei eiga gransking, men har ikkje fatta endeleg avgjerd om dette.