Mann skubba på sjøen på Frekhaug

DEL

Ein mann vart skubba på sjøen uprovosert, skriv politiet på Twitter.

Personen som skubba han skal ha forsvunne i ein kano saman med ein hund.

Politiet er på staden, og melder at mannen er skadd og klager på smerter.

– Det skal ikkje ha vore ei foranledning, seier den fornærma. Han fortel at han har blitt overfallen og skubba på sjøen, og treft ei flytebrygge i fallet. Han har smerter i mage og arm, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til BA.

Politiet er på staden, og er i kontakt med den fornærma.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken