Eit mannskapsmedlem på fiskebåten M/S Spjæringen fekk ein notball over seg under køyring av not og skal ha fått ein skade i foten.
Ulykka skjedde då båten låg til kai hos notbøteriet AS Fiskenett.
Mannen vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.
- Eg har vore i kontakt med dei på båten og det skal stå bra til med han.
- Og det er det aller viktigaste, seier Hugo Ulvatn, som er dagleg leiar hos Fiskenett.
Kommentarer til denne saken