Mann omkom etter å ha hamna i sjøen i Gulen

En rekke båter deltok i søket etter savnede personer i Gulafjorden fredag kveld.

En rekke båter deltok i søket etter savnede personer i Gulafjorden fredag kveld. Foto:

Mannen som blei hentet opp av sjøen fredag kveld, blei erklært død på sjukehuset kort tid etterpå.

DEL

(BA): Fredag klokka 17.25 blei det slått full alarm i Gulen kommune.

Ein tom båt var blitt observert køyrande i ring i høg hastighet i Gulafjorden.

Store ressursar frå naudetatene og frivillige organisasjonar blei sendt dit for å undersøke om det kunne vere personar i sjøen.

Klokken 20.04 opplyste Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) at det var gjort funn av ein person i sjøen.

– Personen blei funnen i nærleiken av Kjeøyna, seier redningsleiar Oddgeir Andersen ved HRS.

Manenn blei flydd i helikopter til Haukeland sjukehus. Laurdag formiddag opplyser politiet at mannen omkom i ulykka.

– Mannen som blei henta opp av sjøen i går kveld og flydd til Haukeland universitetssjukehus, blei erklært død på sjukehuset kort tid etterpå, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Båtar tilhøyrande Redningsselskapet, brannvesenet, marinen og Røde Kors deltok i søket, som gjekk føre seg sørvest for Eivindvik.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken