(BA) Ein mann i 60-åra blei måndag kveld frakta til legevakta etter ei ulykke i Isdalstø i Lindås.

Ifølge politiet hamna mannen i klem då han skulle dytta ein bil som stod fast i ein glatt bakke.

– Truleg har vedkomande hjelpt til med å dytta bilen opp bakken, og så fått foten i klem under bilen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Mogleg brot

Klokka 1816 blei det meldt at mannen var frigjort.

– Han blei køyrt til legevakta med eit mogleg brot i ein fot, opplyser Hellesund.

Betrakta som uhell

Politiet opplyser at det var sjåføren i bilen som til slutt fekk den fastklemte mannen laus.

Etter ulykka jobba politiet i bakken der ulykka skjedde. Blant anna sikra politipatruljen bilde av ulykkesstaden.

– Hendinga vert betrakta som eit uhell, men vi opprettar ei sak slik at etterforskarane kan sjå på det, opplyser Hellesund.