Mann funnen død i Gulen – kan vere sakna 89-åring

Tidlegare denne veka vart ein mann meldt sakna i Gulen. Laurdag ettermiddag vart ein død person funnen i fjøresteinane.

DEL

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet vart varsla om den døde mannen klokka 15.00 laurdag 2. mai.

Vedkommande vart funnen i fjøresteinane ved Kvigesundsholmane i Gulen kommune.

Mannen er endå ikkje identifisert, men politiet meiner det er grunn til å tru at det er den sakna 89-åringen.

– Pårørande er varsla, men dei ønsker ikkje at politiet frigir namnet på avdøde i dag. Avdøde vil bli obdusert, skriv dei i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken