- Klokka 00.50 blei det meldt om tjuvery av ein el-sykkel. Tjuven bar sykkelen vekk frå stedet, skriv politiet på Twitter.

Hendinga skal ha skjedd på Frekhaug.

- Sykkelen sto låst utanfor huset.

I følge BA skal sykkelen ha ein verdi på 20.000 kroner.

Vidare skriv politiet at dei kom i kontakt med tjuven, ein 30 år gamal mann, klokka 01.15.

- Klokka 02 fekk fornærmede sin heilt nye sykkel tilbake, skriv dei.

Dei opplyser at den 30 år gamle mannen er pågrepet og satt i arrest.