ED KORPS OG KORNETT I FAMILIEN: Odianne Hermansen (15) bestemte seg alt i musikkbarnehagen for at kornett skulle bli hennar instrument, som for pappa Sven Bjørnar (t.h.) og farfar Sven Hermansen. Også to tanter spelar kornett, og Odianne sin yngre bror, Robert er no 1.årsaspirant med kornett. Her samla på jubileumskonserten for Manger skulemusikklag i Radøyhallen.

Det måtte bli korps og kornett for Odianne

Alt i musikkbarnehagen drøymte Odianne Hermansen om å spela kornett, slik både far, farfar og to tanter gjorde. – Eg var ikkje gamle jenta då eg bestemte meg for at kornett skulle bli mitt instrument også.
Av
Publisert

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Korps og kornett ligg i familien, smiler Odianne, som laurdag spelte jubileumskonsert med Manger skulemusikklag. Skulekorpset på Manger, som i år feirar 50-årsjubileum, leverte ein strålande konsert i Radøyhallen. I tillegg til korpset sine to avdelingar, vart det servert jubileumskake og andre godsaker i pausen.

Kjøpte kornett for konfirmasjonspengane

Odianne Hermansen har vore med i Manger skulemusikklag heilt frå ho var gamal nok.

– For meg var det enkelt – eg har alltid synest korps er betre enn fotball, seier 15-åringen, som tidlegare i år brukte mykje av konfirmasjonspengane på å kjøpa sin eigen kornett, ein ”Besson Prestige”.

Samhaldet og det gode miljøet i korpset betyr mykje.

Listepris for ein ny kornett er 35.000 kroner, men Odianne slapp litt billegare for eit instrument som var så godt som nytt.

LES OGSÅ: «Manger skulemusikklag vil alltid vera i mitt hjarte»

Gode førebilete

– Klart eg er veldig glad for at barnebarna også ønskjer å spela i korps, seier Sven Hermansen, ein av veteranane i korpsmiljøet på Manger. Tidleg på 1970-talet var han dirigent i skulekorpset, og han spelte kornett i Manger Old Star heilt til sjukdomen ramma.

– Ja, eg både håpar og trur at farfar er stolt av oss. Han tok med meg på konsert med Manger musikklag frå eg var lita jente, seier Odianne. No er bror hennar, Robert, begynt som 1.års aspirant i skulekorpset – også han med kornett.

SJARMERTE STORT: Førsteårs-aspirantane sjarmerte stort på konserten, og viste at det står godt til med rekrutteringa. (Foto: Arthur Kleiveland)

SJARMERTE STORT: Førsteårs-aspirantane sjarmerte stort på konserten, og viste at det står godt til med rekrutteringa. (Foto: Arthur Kleiveland)

Hobby for livet

Ho kjem alltid til å spela i korps, og draumen er ein gong å sitja i rekkjene til Manger musikklag.

– Samhaldet og det gode miljøet i korpset betyr mykje. I tillegg får vi jo vera med på mange flotte turar og konkurransar. Korps er ein hobby for livet, seier Odianne.

Manger skulemusikklag har utvikla seg til eit skulekorps i nasjonal og internasjonal toppklasse. Solveig Lien er eldste årgang i skulekorpset, og kan sjå tilbake på mange flotte opplevingar.

EM-SIGRAR OG NM-GROSSIST: Manger skulemusikklag har vunne EM to gonger, og kan sjå tilbake på 15 NM-titlar, fjorten av dei i 1.divisjon.

EM-SIGRAR OG NM-GROSSIST: Manger skulemusikklag har vunne EM to gonger, og kan sjå tilbake på 15 NM-titlar, fjorten av dei i 1.divisjon. Foto:

Kina-turen er høgdepunktet

– Kina-turen var fantastisk. Eit høgdepunkt eg vil hugsa for resten av livet, fortel Solveig.

Manger skulemusikklag vart invitert til å delta på verdsutstillinga EXPO i Shanghai i 2010, og det vart ein svært minnerik tur for korpset. Ikkje minst då skulemusikantane gjekk parademarsj gjennom ”hovudgata” i verdsutstillinga, flankert av 100.000 menneske.

– Men sjølvsagt er det fantastisk å ha fått vore med på to europameisterskap, som gav oss første- og tredjeplass. Det er stort å ha blitt europameister, seier 18-åringen, som no er inne i sitt siste år i skulekorpset. Solveig framhevar også ei rekkje norgesmeisterskap, og fine turar og konsertar ho har fått vera med på i korpset.

På jubileumskonserten spelte Solveig (trombone) duett med Ingvild Brattetaule (kornett) saman med korpset, i den vakre Rolf Løvland-melodien ”Songs from a Secret Garden”.

TOMMELEN OPP FOR JUBILANTEN: Thorgeir Thunestvedt har vore korpset sin dirigent sidan 1990. Her saman med Tom Brevik, som også har vore korpset sin musikalske leiar.

TOMMELEN OPP FOR JUBILANTEN: Thorgeir Thunestvedt har vore korpset sin dirigent sidan 1990. Her saman med Tom Brevik, som også har vore korpset sin musikalske leiar. Foto:

Blir gode ilag

– Heile korpset fungerer som ein stor gjeng, her blir vi sosialt samansveisa. Det er viktig å vera gode saman for at vi skal lukkast musikalsk. I korps lærer vi mykje om samarbeid. Det er ei flott oppleving å få noko til ilag, seier dei to korpsjentene.

Begge seier dei har fått veldig mykje att for å vera med i korps, og dei reknar med at dei også i framtida kjem til å vera ein del av den store korpsfamilien. – Det finst jo korps i heile Norge og i resten av verda, for den saks skuld, seier Ingvild.

LES OGSÅ: Manger er beste skulekorps i Europa

Sjarmert i senk

I jubileumskonserten vart Manger skulemusikklag leia av sin faste dirigent sidan 2010, Thorgeir Thunestvedt. Korpset opna konserten med ”Winter Games”, som vart spesialskrive til OL i Calgary, og dei sette punktum med ”V.I.P”. Korpset framførte mellom anna også Torstein Aagaard-Nilsen sitt arrangment over folketonen ”Hanen stend på stabburshella”.

Publikum fekk også høyra at det står veldig godt til med rekrutteringa i skulekorpset. Andreårs-aspirantane spelte fleire nummer med hovudkorpset, og førsteårs-aspirantane sjarmerte stort med sitt opptrinn, leia av Jarnfrid Gunnarson, som også held festtale.

I løpet av konserten fekk jubilanten gode helsingar, blomar og gåver.

Sjå bildeserie frå feiringa:

Artikkeltags