– Vi får masse skryt og gode tilbakemeldingar frå korpsa som er med, seier leiar for Mangerfestival-komiteen, Anne Kolstad Morken.

I alt 20 korps frå ulike stadar i Hordaland tok lørdag med seg instrumenta sine til Manger.

– Det er ein liten plass, og har ikkje mange butikkar og kjøpesenter og tilby – men eg har inntrykk av at dei likar seg godt her. Vi har nokre gjengangarar, som er med kvart einaste år. Det synest vi er veldig kjekt.

LES OGSÅ: Manger skulemusikklag kneip sigeren

- Gode prestasjonar

Ho fortel at det i år var svært høgt nivå blant korpsa som deltok i konkurransen.

– Det var mange gode prestasjonar i Radøyhallen. Det var fantastisk å høyra på små juniorkorps til dei beste i Norge.

Manger folkehøgskule underviste aspirantane, og dei spelte på avslutningskonserten.

– Det var heilt magisk, og absolutt eit av høgdepunkta, seier Morken, som har vore med å arrangera festivalen fleire år på rad.

LES OGSÅ: Drøymer om gardemusikken

- Gleder oss til neste år

– Det er veldig kjekt å vera med å arrangera eit slikt arrangement for born, og vi gleder oss allereie til neste år, seier ho.

Sandnes Skulemusikk var det einaste lokale korpset som gjekk heilt til topps under Mangerfestivalen, men fleire lokale korpsmusikarar stakk av med solistprisar.

SJÅ BILDESERIE:

Bildeserie

Stor bildeserie frå Mangerfestivalen finn du her