Men dei kunne ikkje hindra heimefavoritten Stavanger Brass Band i å ta sin fjerde triumf på rad.

Stavanger Brass Band fekk 98 poeng for sitt program. Manger Musikklag kom på andreplass, to poeng bak siddisane, medan Eikanger Bjørsvik Musikklag vart nummer tre med 95 poeng.

- Me er storfornøgde med ein knall konsert og ei god plassering, skriv Manger Musikklag på si facebook-side.

-Vi har sett saman eit program med fem låtar med god og variert musikk, sa Espen Haukås i MML under før-Siddis-konserten i Radøyhallen. Han har arrangert ein av komposisjonane, «High Society», der fleire av medlemene i MML var solistar saman med korpset. Korpset hadde også ein annan låt arrangert av eit MML-medlem på programmet, Tina Kvamme sin «Asfalt Tango». Dommarane likte det dei høyrde.

EBML har vunne Siddis Brass femten gongar, sist i 2011. Korpset framførte eit program av Mozart-musikk, og kjørde eit solid sceneshow med god stemningsfaktor. Korpset vart honorert med 3.plass, eitt poeng bak MML, men tre poeng framfor korpset på 4.plass, Jaren Hornmusikkforening.

Bjørsvik Brass kom denne gong på 7.plass (89 poeng) av dei ni korpsa i elitedivisjonen.

I 1. divisjon spelte Radøy Brass til 5.plass og 98 poeng, på plassen framfor Oster Brass, som oppnådde 96 poeng. Manger Old Star Brass kom på 11.plass i 2.divisjon.

 I 3.divisjon kom Seim musikklag på 9.plass med 94  poeng og Lindås Brass på delt 10.plass med 93 poeng.

I Siddis Brass framfører korpsa eit sjølvvald program på 20-25 minuttar. Med unntak av elitedivisjonen fekk korpsa poeng (maks 10) også for programvalet, som talde med i den samla poengsummen.

RESULTAT:

Elitedivisjonen

1 Stavanger Brass Band Allan Withington 98 98

2 Manger Musikklag Rune Hannisdal 96 96

3 Eikanger-Bjørsvik Musikklag Reid Gilje 95 95

4 Jaren Hornmusikkforening Tarjei Grimsby -1 93 92

5 Kleppe Musikklag Vidar Nordli 92 92

6 Oslofjord Brass Trond Husebø 90 90

7 Bjørsvik Brass Bjørn Sagstad 89 89

8 Krohnengen Brass Band Bjørn Breistein 88 88

9 Oslo Brass Band Trond Myhre 87 87

Underholdningsprisen: Stavanger Brass Band

Solistpris: Torill Tynning  - Kornett - Stavanger Brass Band

1. divisjon

1 Musikkorpset Gjallarhorn Espen Westbye 9 96 105

2 Askøy Brass Band Svein Henrik Giske 9 95 104

3 Sola Brass Band Rune Gundersen 8 94 102

4 Montebello Brass Preben N. K. Riesling d.y. 7 92 99

5 Radøy Brass Torstein Aagaard-Nilsen 7 91 98

6 Oster Brass Bengt Florvåg 6 90 96

7 Hasle Brass Robert Solberg Nilsen 6 89 95

8 Alexander Brass Band Morteh E. Hansen 7 88 95

9 Brøttum Brass Christian Tenfjord 6 87 93

Solistpris:

Erlend Skogland Vibrafon/Klokkespill Musikkorpset Gjallarhorn

2. divisjon

1 Haukås Musikklag Joseph Cook 9 94 103

2 Rong Brass Thor-Arne Pedersen 8 93 101

3 Gjesdal Brass Band Jonas Skartveit Rogne 8 92 100

4 Tertnes Amatørkorps Bengt Florvåg 7 92 99

5 Agder Brass Ola Balstad 8 90 98

6 Tromsø Brass Tor Kristian Ravnanger Innbjør 9 88 97

7 Flesland Muskklag Thor-Arne Pedersen 6 90 96

8 Sagvåg Musikklag Ygve Nikolaisen 6 88 94

8 Fjell Brass Egil Magnussen 7 86 93

10 Tysvær Brass Martin Kinn 7 85 92

11 Manger Old Star Brass Marit Tømmermo 8 83 91

12 Stangaland Brass Kristian Thulin 5 83 88

13 Follesø Musikklag Bjørn Breistein 6 81 87

14 Gjøvik Bybrass Christian Tenfjord 6 80 86

15 Laksevåg Musikkforening Helge Haukås 6 79 85

16 IMI Brass Per-Erik Petersen 4 78 82

Solistpris: Nick Hughes Kornett Sagvåg Musikklag

3. divisjon

1 Tysnes Musikklag Yngve Nikolaisen 8 94 102

2 Skui Brassband Thor-Willy Karlsen 8 93 101

3 Hordvik Muskklag Patrik Randefalk 8 92 100

4 Valdres Brass Band John Phillip Hannevik 8 91 99

5 Rosendal Musikklag Paul Hughes 8 90 98

6 Randaberg Musikkorps Pål Magne Austnes Underhaug 7 89 96

7 Salhus Musikklag Sindre Dalhaug 8 88 96

8 Stavanger Kommunes Korps Morten Øvrebekk 7 88 95

9 Indre Torungen Brass Ensemble Lars-Bjørnar Strengenes 7 87 94

9 Seim Musikklag Asbjørn Hauge 7 87 94

10 Eidsberg brassband Hans Petter Ringstad 7 86 93

10 Langhus Brass Tomas Carstensen 7 86 93

10 Lindås Brass Hilde Margrethe Brevik Grytten 7 86 93

Solistpris: Alf Erik Fylkesnes Trommesett Randaberg Musikkorps