Gå til sidens hovedinnhold

Mange kjøparar og få bustader gir høge prisar

Ubalansen mellom talet bustader til sals og talet kjøparar har sørga for høge bustadprisar. I Isdalstø gjekk ein bustad for meir enn 800.000 kroner over prisantyding.

For abonnentar

– Det er i alle fall behov for fleire eigedomar i marknaden. Det er konklusjonen, seier Ørjan Tredal i Privatmegleren Nordhordland.

Han kan fortelje at han etter sommaren spesielt har sett at det har vore færre eigedomar til sals enn det er kjøparar på marknaden. Det har ført til at mange bustader går over prisantyding.

– Etterspurnaden har vore høgare enn tilbodssida, og dette har resultert i fleire visingsdeltakarar per salsobjekt, noko som påverkar sluttprisen på eigedommen, seier Tredal.

Han viser til ei leilegheit i Orresteinen i Isdalstø som gjekk 835.000 kroner over antyding.

At det er for få bustader i forhold til talet kjøparar, betyr ikkje at det er færre bustader til sals enn før. Tvert imot har meklarane i Nordhordland allereie selt 387 eigedomar i år. I heile fjor vart det selt 326.

Statistikken viser også at snittet for omsetningstida ved bustadsal har gått ned frå 63 dagar i fjor til 37 dagar i år.

Les også

No blir reglane for bustadsal stramma inn: – Normalt vedlikehald blir viktigare

– Kjøpeklare

Det verkar rett og slett å vere fleire kjøparar på marknaden. Tredal trur korona kan ha spelt inn på kvifor så mange vil kjøpe bustad no.

– Eg trur det har gjort at det har tvunge seg litt fram for folk. Samtidig har mange gjerne spart meir. Men det kan vere andre tilfelle som vi ikkje kjenner til òg, seier han.

Vanlegvis opplever ein også at det er færre kjøparar mot slutten av året, men i år er det framleis gode besøkstal på visningane.

– Det er også ein jamn straum av kjøparar som vil høyre om det kjem ting for sal. Dei er kjøpeklare, seier Tredal.

Han fortel at Privatmegleren Nordhordland har selt 148 eigedomar så langt i år, og at alle dei brukte bustadane han sjølv har vore meklar for, har blitt selde etter første visning.

Vil selje utanfor marknaden

Dei aller fleste bustader som skal seljast, blir lagt ut for sal på den opne marknaden. Tredal fortel at det likevel er seljarar som kjem til meklarane for å høyre om dei har kjøparar klare. Dette skjer gjerne i dei øvre prisklassane.

– Sjølv om vi omset eigedommar i alle prisklassar og set mest pris på sal i ein open marknad, så innfrir vi òg desse ønska, seier han.

Nyleg selde Privatmegleren det som til no er den nest dyraste bruktbustaden selt i Nordhordland i år på nettopp dette viset. Denne gjekk for 8,5 millionar kroner.

Den aller dyraste var selt av Eiendomsmegler1 i Eikangervåg i juni. Den gjekk for 10,5 millionar, 850.000 kroner over takst.

Heilt på starten av året vart også ei ferieøy utanfor Manger selt av Z Megleren for 8,88 millionar kroner. Som feriebustad kjem denne inn under eit anna segment enn bruktbustader.

Ifølge Tredal merkar Privatmegleren at bustadene som går høgt over prisantyding skil seg ut på spesielt éin ting.

– Bustadane blir styla, og at ein gjer meir ut av det. Ein sel meir ein draum. Det påverkar marknaden, seier han.

Trenden med å style bustadane har kome dei seinare åra.

– Den har forsterka seg. Om ein ikkje har god presentasjon, fell ein litt i mellom. Eg merkar i alle fall sjølv ein stor forskjell på det som er styla og ikkje, på kor mange som kjem på visning.

Les også

No er årets dyraste bustad seld i Alver – seljaren kunne fått meir enn dei tok

Vanskeleg å spå neste år

Om dei gode tidene vil halde fram i bustadmarknaden neste år, synest Tredal er vanskeleg å seie.

Han peikar på renteauke, nye reglar for bustadsal og høgare levekostnader som årsaker til dette. At pandemien enno ikkje er over kan også spele inn.

– Det blir litt for mange faktorar til å kunne spå utfallet av dei. Men eg trur fasiten vil liggje i det fundamentale, altså tilbodet i marknaden mot etterspurnaden.

Les også

I fjor gjekk dei fleste bustader under antyding. No har alt snudd

Les også

Eigedomssal i Alver: Denne øya vart selt for over 8 millionar kroner i mars

Kommentarer til denne saken