Måndag blir flyplassar og hamnar stengt

Av

Klokka åtte måndag morgon vil landets flyplassar og hamnar bli stengt. Det blir også intensivert grensekontroll.

DEL

Laurdag presenterer statsminister, Erna Solberg, fem nye grep for å redusere smitte av korona-viruset.

Eitt av tiltaka er å stenge flyplassar, hamnar og strengare grensekontroll.

– Ingen får reise inn i Norge, og alle vil bli avvist ved grensa. Kun dei som har kritisk grunn til å komme til Norge, skal få det. Vi gjer dette for å beskytte oss mot smitte, seier Solberg.

Nordmenn i utlandet må ta kontakt med sine respektive reiseselskap og flyselskap for å komme seg heim, medan nordmenn som bur fast i utlandet, må halde seg til sine lokale myndigheiter.

– Vi har eit samarbeid med Danmark slik at nordmenn får reise til Norge derfrå, seier Solberg.

Danmark stengde grensene sine tidlegare laurdag.

– Dei stadane vi veit det er mange nordmenn, vil vi forsøke å behalde eit flytilbod, for eksempel mot Spania, men vi kan ikkje garantere noko, seier statsministeren.

Utenriksdepartmenetet har også oppdatert sine reiseråd laurdag. Dei frå rår alle reiser til utlandet dersom reisene ikkje er stengt naudsynte. Desse reiseråda vil gjelde til over påske.

Solberg opplyser at regjeringa er i dialog med både Norwegian og SAS for å skaffe fly dersom det blir naudsynt å hente smittevernutstyr frå Kina til Norge.


Artikkeltags