Magnhild Dyrdal (1946-2022)
Med sorg kunne vi lese om at Magnhild Dyrdal var gått bort etter ei tid med alvorleg sjukdom.
Magnhild Dyrdal var ei djupt respektert dame. Ho var viktig for å halde ved like og gje kunnskap om mattradisjonar i Nordhordland, ho sette kultur og identitet på dagsorden, og ho gav av seg sjølv villig til alle.
Magnhild var eit JA menneske. Ho ville det beste og bidrog i mange samanhengar.
Ho var hadde sterkt engasjement for misjon enten det var her heime i lokalsamfunnet eller om det var ytremisjon. Hennar hjarte brann for sine medmenneske, og ho brukte mykje tid i kyrkje, bedehus og i misjonsforeiningsarbeid.
Magnhild var også samfunnsengasjert. Ho var aktivt med i politikken, og sat tidlegare i kommunestyret i Lindås for KrF. Ho var også lokallagsleiar i Lindås KrF, og hadde ei tydeleg stemme, og var grundig i sitt arbeid.
Magnhild bidrog også aktivt i valkampane. Det var ein fryd og vere med Magnhild på stand. Hennar store kontaktnett gjorde at ho var ein kjent person i lokalsamfunnet, og på den måten kom ho lett i kontakt med menneska.
Vi vil sakne Magnhild, både som kulturberar, misjonskvinne og KrF-ar og vi takke henne for stort engasjement, for begeistringa ho utstrålte, for alt ho gav for sitt lokalsamfunn og kommune.
Fred over Magnhild sitt gode minne.
