Magne sine filmar er sett av over 15 millionar: No har han fått kulturprisen

Med base i Masfjorden har Magne Helge Sleire (61) laga over 30 dokumentarfilmar – og med eit par unntak er alle vist på fjernsyn. Dokumentarane er sett av over 15 millionar sjåarar, og i 2005 vann han Gullruten med «Det vi skal leve av». No har Sleire fått kommunen sin kulturpris for framifrå Masfjord-reklame og sitt omfattande kulturvernarbeid.