Lydteknikaren Johnny har ikkje jobb den neste tida: – Fryktar for bransjen

Johnny Osberg meiner det er på tide at kulturen blir prioritert. Får dei ikkje nokon kompensasjon for den komande tida, fryktar han for framtida til bransjen.

Johnny Osberg meiner det er på tide at kulturen blir prioritert. Får dei ikkje nokon kompensasjon for den komande tida, fryktar han for framtida til bransjen. Foto:

Alle arrangement i dei komande vekene er avlyst grunna fare for koronasmitte. No håpar lydteknikaren Johnny Osberg at regjeringa sørger for kompensasjon til kulturbransjen.

DEL

– Frå måndag av vart alt av jobb meir eller mindre avlyst ut april, seier Johnny Osberg.

Han er lydteknikar og driv selskapet Basskraftverket for seg sjølv. I korona-krisa har om lag alt av jobbar innan bransjen hans blitt avlyst eller utsett. Osberg mistar sjølv jobbar til nær 100.000 kroner, men seier det ikkje er seg sjølv han tenker på i denne problemstillinga.

– Eg er ikkje den som er hardast ramma. Eg klarer meg. Men denne bransjen består hovudsakleg av frilansarar og enkeltmannsføretak, og dei har avgrensa rettar, seier han.

Han fortel at han veit om fleire små aktørar som taper sekssifra beløp i perioden framover. Større aktørar vil ha tap i millionklassen.

– Vi lever av kvarandre

For medan mange andre bransjar vil merke nedgang, er det innanfor scenearrangement-bransjen mange som står fullstendig utan inntektsgrunnlag framover.

– Det får vanvitige konsekvensar, seier Osberg, som no fryktar for heile bransjen si framtid.

I tilfella der arrangement vert avlyst, har ikkje arrangørane krav på kompensasjon. Då har dei heller ikkje moglegheit til å betale artistar eller teknikarar.

– Arrangørar, teknikarar og artistar, vi lever av kvarandre. Dette rammar på fleire nivå, seier han.

Skulle arrangørar gå konkurs grunna avlysingane, vil det heller ikkje vere nokon som kan hyre inn artistane eller teknikarane. Arrangørane vil òg trenge både artistar og teknikarar å hyre inn.

– Har eg ingen plass å styre lyd, hjelper det ikkje om artistar vil ha meg til å gjere jobben.

Arrangørane må sjølv stå ansvarlege

Osberg er tydeleg på at han støttar tiltaka regjeringa har kome med.

– Det er fullt forståeleg. Vi er nøydde til å stenge ned, og denne bransjen er i tillegg ei risikosone for smittespreiing, seier han.

Han fortel at han sjølv har synest det har vore ubehageleg å vere på jobb når han veit han er utsett.

– Slik sett var det nesten ei lette. Vi har eit kollektivt ansvar, og eg er klart med på det. Alle må ta sin del av smellen.

Det han kritiserer er mangelen på sikkerheit for aktørane i kulturbransjen, som mistar inntekta si i overskodeleg framtid.

Han reagerer på utspel frå helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). I ei pressemelding frå regjeringa, kom det fram det ikkje er noko erstatningskrav for enkeltpersonar eller verksemder som lir tap når ting blir avlyst grunna råd eller vedtak frå helsemyndigheiter. Arrangørar er med andre ord sjølv økonomisk ansvarlege for arrangement som vert avlyste no.

– Eg har stor forståing for at dette er ei belastning for både enkeltpersonar og bedrifter, men vi er i ein ekstraordinær situasjon, sa Høie i pressemeldinga.

– Det er heilt krise. Det tar livet av ein bransje, seier Osberg.

Johnny Osberg fryktar ikkje for seg sjølv, men seier at mange i bransjen vil slite framover.

Johnny Osberg fryktar ikkje for seg sjølv, men seier at mange i bransjen vil slite framover. Foto:

Ingen kompensasjon til kulturbransjen enno

Fagforeininga til Osberg, Creo og andre organisasjonar i bransjen er no i samtalar med regjeringa om ei støtte til dei som vert ramma.

– Dei har komme med krav om kompensasjonsordning for inntektene som har falle bort no. Frilansarar og enkeltmannsføretak må bli varetatt. Ein skal klare å leve vidare mens vi ventar på at ting startar opp att, seier han.

– Eg håpar dei får i hamn ei løysing. Vi treng ein redningsplanke på alle nivå i bransjen. Dette er liva til folk.

Då regjeringa la fram tiltak forskjellige bransjar som blir hardt ramma av situasjonen. Kulturbransjen var nemnt, men det vart ikkje lagt fram løysingar for dei i denne omgang, men

Kor lenge dei som no mistar arbeid må vente før dei får nye oppdrag er òg usikkert. I første omgang gjeld regjeringa sine tiltak dei neste to vekene, men det meste av arrangement i april er òg avlyst eller utsett. Osberg fortel at han har høyrt om andre som har fått kansellert oppdrag så langt fram som i juni.

– Eg høyrer det er tvil om korleis 17. mai-feiringa vil bli. Og etter det kjem festivalsesongen, som er den mest utbytterike tida for bransjen.

– På tide å prioritere kulturen

Osberg har høyrt om kampanjen i sosiale medium der folk oppfordrar andre til ikkje å be om refusjon for arrangement som er avlyste, slik at arrangørane framleis vil få den inntekta.

– Det hjelper, men det er ikkje løysinga. Først og fremst hjelper det arrangørane. Artistane og teknikarane får sannsynlegvis lite av det. Men at arrangørane blir hjelpt, hjelper jo oss også, seier han.

– Det er likevel omsetninga i baren som ofte får slike arrangement til å gå rundt, og den får dei uansett ikkje, legg han til.

Han meiner kulturbransjen er ein vanskeleg nok bransje frå før. Færre går på små konsertar, og det er ofte små marginar som får økonomien til å gå opp.

– Dei som jobbar med dette har ofte ofra mykje for å jobbe med det dei er gode på. Dei har ofra både i rettar og i sikkerheitsnett. Mange har gjeld på utstyr og leigeavtalar. Dette er faste utgifter som framleis kjem, men folk har mista inntekta over natta.

No håpar Osberg at det vil komme ei løysing for dei som taper store inntekter i den kommande perioden.

– Dette er ein ekstraordinær situasjon, og den krev ekstraordinære løysingar, seier han.

– Vi har pengar i dette landet. Kulturen har ofte blitt nedprioritert. No er det på tide å prioritere den, for å redde den i det heile tatt.

Artikkeltags