Hjerneskannaren Strokefinder skal etter planen testast på 500 pasientar. I testperioden blir pasientane skanna, men behandlinga blir ikkje sett i gang før dei har vore gjennom CT-undersøking på sjukehus. I lengre perspektiv er håpet at skanning vil gjera at diagnose kan stillast undervegs til sjukehus, riktig behandling veljast og setjast i gang.
– Dersom denne verkar slik vi håpar, kan det revolusjonera hjerneslagbehandlinga. Dette kan bli like viktig for hjerneslag som EKG vart for hjarteinfarkt, seier Øyvind Østerås, avdelingsleiar for akuttmedisin i Helse Bergen til Bergens Tidende.

Vegen var stengt i nesten eit døgn: Radøy kommune er ikkje nøgd etter stormen i september
Kvart år vert 12.000 personar lagt inn på sjukehus med akutt hjerneslag i Norge. I ni av ti tilfelle er det forårsaka av ein blodpropp. Trombolyse kan vera effektiv behandling. Det er derimot viktig å komma raskt i gang, og her kan ein berbar skannar spela ein viktig rolle.
Equinor har bidratt med 2,5 millionar kroner til innkjøp av seks skannarar og er også blitt medeigar i selskapet som står bak Strokefinder.
– Hjerneslag er den mest alvorlege sjukdommen vi ikkje kan gjera noko med offshore, seier Atle Houg Ringheim, Equinors sjef for helse og arbeidsmiljø på norsk sokkel.

No er fylkeslegen nøgd med legevakta i Knarvik
Kommentarer til denne saken